nyhende

Varslar lyn og kraftige regnbyger

I skrivande stund er det sol og fint vêr, men det kan endra seg i løpet av ettermiddagen og kvelden. Og det kan bli veldig lokalt.

Publisert Sist oppdatert

Yr varslar kraftige regnbyger og lyn og tore frå i ettermiddag. Varselet gjeld for sørlege Vestland og Rogaland. Kvar bygevêret treff hardast er ikkje lett å seia, men det kan koma så mykje som opp i 20 mm regn på ein time der det treff.

Dei lokale forskjellane vil vera store, også når det gjeld torevêret som er varsla. Vil du følgja med på kvar lyna treff, er yr.no sitt lynkart eit godt tips.

Powered by Labrador CMS