nyhende
Varslar eit døgn med kuling og kraftige vindkast
Den første vinterstormen er på veg. Allereie søndag har vinden auka på, og det er sendt ut gult farevarsel for både vind og høge bølger i Vestland og Rogaland.
Varselet gjeld frå natt til måndag, og faren vil avta frå måndag ettermiddag. Det er venta lokalt kraftige vindkast på 27-30 m/s frå søraust og liten til full storm på kysten og i fjellet.
Det vil vera store lokale forskjellar i vindstyrke, og enkelte stadar kan vindkasta koma opp i 30-40 m/s. Orkan byrjar på 32,6 m/s.
Snø og høge bølger
Tidleg måndag meldes det snø i vårt område, men det er usikkert kor mykje og kvar snøen vil komma. På grunn av vinden kan det blir snøføyk og vanskelege køyreforhold.
Den kraftige vinden kan også føra til høge bølger, og folk bli oppmoda til å vera forsiktige på sjøen og unngå ferdsel i strandsona.
Kan bli straumbrot
Vegar kan bli stengt og straumforsyninga påverka på grunn av til dømes tre i vegbanen og over straumlinjer. Det siste kan føra til straumbrot. Bruer og utsette vegstrekningar kan bli stengde, og det er også fare for innstilte flyavgangar, ferjer, båtar og annan transport.
Dei som skal over fjellet må bu seg på kolonnekøyring og at vegar kan bli stengt på kort varsel.
Du får oppdaterte vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk.