I regjeringsforslaget til statsbudsjettet for 2025 ligg det eit kutt i ei avgift for fossilbilar. Samtidig blir det ikkje teke nye grep for elbilmarknaden.FOTO: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
– Varslar comeback for fossilbilar
Noregs største bilimportør Harald A. Møller AS meiner forslaget til neste års statsbudsjett legg til rette for eit comeback for fossilbilar.
– Vi gjorde Volkswagen personbil til eit fullelektrisk merke allereie frå 1. januar i år, med tru på at også regjeringa stod ved 2025-målet. No er budsjettforhandlingane og SV siste moglegheit til å nå elbilmålet, samtidig som vi blir tvinga til å vurdere å ta opp att salet av Volkswagens personbilar med forbrenningsmotor, seier Ulf Tore Hekneby, administrerande direktør i Harald A. Møller AS.
Regjeringa foreslår å fryse både momsgrensa og eingongsavgift på elbilar, altså tek dei ingen nye grep for å sikre vekst i elbilmarknaden. Samtidig vil dei kutte i trafikkforsikringsavgifta for fossile bilar.
– Den grøne omstillinga regjeringa legg opp til, må også ta omsyn til dei auka levekostnadene store grupper har opplevd over fleire år, grunngir regjeringa kuttet i denne avgifta med.
– Utvalet er godt nok no til at alle nybilkundar kan velje ein fullelektrisk personbil, men avgiftene må bidra til dei politiske måla. Altså må det koste stadig meir å sleppe ut enn å ikkje gjere det, seier Hekneby.