nyhende

Illustrasjonsfoto: Jan Kåre Ness / NTB / NPK

Varslar bølgjer på opp mot åtte meter

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: På Vestlandet er det venta bølgjer på opp mot åtte meter dei kommande dagane.

Onsdag er det Møre og Romsdal som får dei høgaste bølgjene, medan Rogaland og Agder står for tur torsdag, skriv meteorologane på Twitter.

Dei oppmodar folk som skal ut i båt, til å sjekke kystvarselet.

I Rogaland og Agder er det sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast frå torsdag klokka 6 til 22. I Rogaland kan vindkasta komme opp i 27 til 33 m/s, medan det i Agder er venta vindkast på opp til 28 m/s.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS