nyhende
Varsla om bål med boss
Torsdag fekk brannvesenet melding om eit sjenerande bål. Truleg var det sett fyr på noko ein ikkje har lov å brenna. — Me sa det måtte sløkkast, elles sender me politi, seier Olav Hovland, vaktsjef for Sveio brannvesen.
Telefonane kom torsdag morgon til brannvesenet i Sveio. Vaktsjef Olav Hovland fekk vita om eit bål som hadde brunne sidan onsdag kveld.
— Det som vart sagt var at dei hadde byrja i 22.00-tida kvelden før og heldt det gåande til utover morgonen, seier Hovland.
Truleg avfall
Det var ikkje grunn til utrykking ut i frå beskrivingane til naboane. Årsaka til at dei ringde var at det ikkje verka heilt normalt.
— Det var noko røyk i frå eit bål, og det hadde kome noko ekkel røyk frå det, seier Hovland.
Bålet vart starta i eit bygg som allereie var rive, og truleg vart det brunne noko ein ikkje har lov å setja fyr på.
— Det var mogelegvis avfall. Dei fekk beskjed av brannvesenet om å stoppa det umiddelbart, seier Hovland.
Grunneigar ikkje informert
Grunna adressa som naboane gav Hovland, klarte han å spora opp grunneigar og ta kontakt. Då viste det seg at bålet vart starta utan at grunneigar var informert, eller hadde gjeve løyve.
— Den som eig plassen beklaga veldig. Grunneigar hadde tilsett nokon til å rydda for seg. Dei hadde avtala at bosset skulle hivast og ikkje brennast, så han var veldig lei seg.
Hovland gjev ros til grunneigar for at det vart retta så raskt, og samarbeidet med brannvesenet.
— Grunneigar fekk raskt ordna eit bilete som bevis på at bålet var sløkt, seier Hovland.
Oppmoding til alle
Vaktsjefen for Sveio brannvesen forstår at det kan vera freistande å brenna noko for å kvitta seg med det.
— Det er ikkje lov å brenna anna enn hageavfall, og såkalla kvite plankar, altså uimpregnerte plankar, seier han.
Sidan me er på veg inn i ein varmare årstid kjem han med ei oppmoding.
— I desse tider er det frykteleg risikabelt å brenna noko som helst. No er det veldig tørt i marka og me er bekymra for skog- og grasbrann. Så folk må tenka seg veldig om før dei set fyr på noko som helst, seier Hovland.