nyhende

Vann tre gull i NM, no skal dei til VM og så EM.

Sveio Drill gjekk hardt ut i tevlinga i Lillehammer. Der sikra dei seg tre gull i Noregmeisterskap, eit gull i tredje divisjon og eit sølv i ein duett. – Det er fantastisk at lille Sveio kan hevda seg, seier hovudinstruktør Marilena Kvalvåg Panayiotou.

Publisert Sist oppdatert

Jentene i Sveio Drill kan vere ganske nøgde med seg sjølve. I helga var dei i Lillehammer og tok fleire gull og sølv.

– Me vart Noregsmeistrar i tre kategoriar. Exhibition Junior, Flag-baton og Show Twirl Junior, seier hovudinstruktør Marilena Kvalvåg Panayiotou.

Sidan ei god gjerning sjeldan går ustraffa, så må dei nok førebu seg på enda ei tevling, berre litt større enn forrige.

– Dei tre NM-gulla gav oss uttak til EM også, så no skal med til Bulgaria i oktober. Det er supert, seier ho.

Tre gull og eit sølv

I ein av konkurransane dei vann NM-gull i, Show Twirl Junior, var det med seks utøvarar frå Haugesund drillkorps. Det gjorde det til ein samarbeidstropp.

Elles er det dei same 9 jentene som drillar seg til gull og sølv. På dette Noregsmeisterskapet var også Leah Våbene med for første gong, og var med i å sikra dei gull i konkurransen Exhibition Junior.

– Me fekk også eit sølv i drilldans duett junior, seier Panayiotou.

– Kven var det?

– Emilia Åsbø og Ingrid Andrea Panayiotou, seier ho.

Hovudinstruktøren er stolt over kva dei har fått til.

– Det er fantastisk at lille Sveio kan hevda seg såpass i drill-Noreg. Det er kjempeimponerande, seier ho.

Varma opp til VM (og så EM)

Også ein yngre tropp i Sveio Drill nådde til topps. Det er aldersgruppa 13 til 15 år. Dei fekk gull i kategorien Drilldans tropp junior tredje divisjon.

– Denne same gjengen skal til VM i august. Så NM vart berre ein ekstra tur. Det er VM som ligg først, humrar Panayiotou.

– Så dokker skal til VM før EM?

– Ja, me skal til Liverpool i Storbritannia, seier ho.

– Vert det tid til å sjå seg rundt?

– Det er lite tid, men me brukar alltid å setja av litt til slikt. Det er viktig når ein er på reise å få kosa seg. Me er gode på det i Sveio, avsluttar Panayiotou.

Powered by Labrador CMS