nyhende

Etter 11 månadars kamp mot byråkratiet har Synnøve Bremer Skarpenes nådd fram med sitt synspunkt om at Ålfjordvegen er så trafikkfarleg at den utløyser rett til skuleskyss for dottera Oda. Til slutt var det Sivilombudet som slå fast myndigheitene har tolka regelverket feil. FOTO: PRIVAT
Etter 11 månadars kamp mot byråkratiet har Synnøve Bremer Skarpenes nådd fram med sitt synspunkt om at Ålfjordvegen er så trafikkfarleg at den utløyser rett til skuleskyss for dottera Oda. Til slutt var det Sivilombudet som slå fast myndigheitene har tolka regelverket feil.

Vann lang kamp om skuleskyss

Både Sveio kommune og Statsforvaltaren i Vestland meinte at skulevegen til Oda Bremer Skarpenes (11) ikkje var så trafikkfarleg at den utløyste rett til fri skuleskyss. Sivilombodet har kome til motsett konklusjon.

Publisert Sist oppdatert

— Me er veldig glade for å ha vunne fram med saken vår, seier Synnøve Bremer Skarpenes.

Ho er mor til sjetteklassingen Oda (11) som truleg har ein av dei aller farlegaste skulevegane i heile Sveio, frå heimen på Røykenes til Førde skule.

Det var NRK Vestland som omtala saka først. 

Elevar har krav på fri skulekyss om dei bur lengre enn fire kilometer frå skulen. (2 km i  første klasse). Er distansen kortare må det ligge till grunn «særleg fare» for eleven, og det var på dette grunnlaget familien søkte Sveio kommune om skuleskyss for Oda.

For lite trafikk

Skulevegen hennar, frå heime på Røykenes til Førde skule, er målt til å vere 3.872 meter. Omlag tre kilometer av distansen går langs ein smale, svingete og dels uoversiktlege del av Ålfjordvegen. Kommunen har sjølv, i sin trafikksikringsplan for 2017-2018 klassifisert i fareklasse 1 (høg fare). 

Til tross for dette meinte Sveio kommune, og også Statsforvaltaren i Vestland som handsama familien sin klage, at vegen ikkje var «særleg farleg». Dei la mellom anna til grunn at det var lite trafikk, med ein såkalla årsdøgntrafikk på 400.

— Trafikkmengda har svært mykje å seie for graden av fare ved å ferdast langs vegen. Det er såleis vanskeleg å sjå at denne vegen skil seg svært negativt ut i høve til andre skulevegar både her i kommunen og på Vestlandet elles, konkluderte Sveio kommune med i sitt avslag på søknad om skuleskyss.

Kommunen la vidare til grunn at elever på 6. og 7. trinn har ein god del trafikkerfaring, og at dei kan føresjå situasjonar og forstå at bilar kan kome sjølv om dei ikkje ser dei. Også dette la Statsforvaltaren til grunn i si vurdering.

Statsforvaltaren sa nei

Familien klaga saka først inn i Sveio for formannskapet, kor berre Monica Vandaskog Valen (Sp) og Lars Einar Hollund (H) ville la klagen få medhald. Linn Therese Erve (Ap), Håkon Johnsen Skimmeland (Ap), Rune Teikari (Frp), Ruth Eriksen (Frp) og Jarle Jacobsen gjekk alle for rådmannen si innstilling om å avvise klagen. 

Saka gjekk dermed vidare til Statsforvaltaren, som oppretthaldt kommunen sitt vedtak.

— For Oda, som for andre barn, vil det være best å gå til skulen der det er mulig, heiter det i deira vedtak.

Familien sto på sitt, og nytta mogelegheita ein har til å fremja saka si for Sivilombudet, som har til oppgåve å vurdere om offentleg forvaltning tolkar regelverka rett. 

Og då kom vendepunktet for familien. 

— For høg terskel

Ombodet kom til at Statsforvaltaren synest å ha lagt til grunn ein for høg terskel ved vurderinga av om skulevegen er «særleg farleg» for eleven, heiter det i ombodet si uttale.

Ombodet har lagt til grunn dei objektive faremomenta langs vegen, og at desse samla er nok til å vurdere at vegen er «særleg farleg» for Oda.

— Dette gjelder også når den låge trafikkmengda tas i betraktning. Den berekna døgntrafikken på 400 køyretøy er låg, men likevel ikkje ubetydeleg, og inkluderer også 20 lange køyretøy. Ombodet meiner at ein slik trafikkmengde ikkje kan tilleggjast så stor vekt som det Statsforvaltaren gjorde i vedtaket, uttalar ombodet.

Statsforvaltaren behandla saka på nytt 3. januar, og landa då på at skulevegen til Oda er «særleg farleg», og nyleg fekk ho beskjed om at kommunen rettar seg etter dette.

Det tok altså nesten eitt år før saka var vunne. Men Synnøve Bremer Skarpenes seier til Vestavind at ho dei ikkje kjenn seg trygg på at dei ikkje må gå ein ny klagerunde når dei i februar skal søke på nytt om skuleskyss for Oda, for skuleåret 2022/23.

— Vi må jo søke på nytt, så det blir spennande å sjå kva kommunen landar på denne gongen, seier ho.

13 søkjarar – 10 fekk avslag

Då fristen for inneverande skuleår gjekk ut i februar i fjor, fekk kommunen 13 søknadar om skuleskyss grunna særleg farleg skuleveg. 

Av desse støtta kommunen tre, medan 10 fekk avslag. Fire av desse avslaga blei klaga inn til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren stadfesta kommunen sitt vedtak i alle dei fire sakene, men har altså no endra vedtaket sitt i ei av dei etter fråsegna frå Sivilombodet.

Jostein Førre, rådmann i Sveio kommune.

Vestavind har spurt rådmann Jostein Førre i Sveio kommune om kommunen i kjølvatnet av saka til Oda Bremer Skarpenes vil undersøke om det kan vere gitt avslag på feil grunnlag i liknande saker. 

— Det vil vere naturleg for kommunen å gjennomgå tidlegare praksis i forkant av sakshandsaminga av søknad om skuleskyss for skuleåret 2022/2023, skriv han i ein e-post til avisa. 

Rådmannen viser til at Sivilombodet si fråsegn, som førte til at Statsforvaltaren endra standpunkt i den aktuelle saka, er bygd på ei vurdering av graden av fare på det aktuelle vegstrekket.

— I tillegg skriv Sivilombodet at Statsforvaltaren i Vestland har lagt seg på ei for streng line. Det er naturleg at Statsforvaltaren sjølv må svara på om dei vurderer å endra praksis, legg han til.

Rådmannen kan ikkje forskottere utfallet av en ny søknad for skuleskyss for Oda Skarpenes.

— Skuleskyss på grunn av særleg farleg skuleveg skal handsamast for kvart skuleår, og i desse sakene er det kommunen som har vedtaksmynde. Søknadsfristen er 15. februar for skyss skuleåret 2022/2023. Når det er sagt, er det nye vedtaket frå Statsforvaltaren i Vestland svært tydeleg, og det byggjer på dei synspunkta som kjem fram i Sivilombodet si fråsegn, skriver han.

Meiner regelverk er for uklart

Forslag til ny opplæringslov har nyleg vore ute på høyring, og i ein uttale meiner Sivilombodet at dagens lov er for uklar i kva som er å rekna som særleg farleg skuleveg.

  Me har peikt på at lovgjevar må vera tydlegare på kva som skal vera terskelen for å kalla ein veg for særleg farleg, og kva som er samanlikningsgrunnlaget, seier sivilombod Hanne Harlem til NRK.

Sivilombod Hanne Harlem.

Mats Petter Sydengen hjå Statsforvaltaren meiner seier til NRK at det er for tidleg å svara på om saka i Sveio får betyding for andre saker om skuleskyss.

— Kva som er akseptabel risiko har jo endra seg. For 50 år sidan brukte ein ikkje setebelte i bil. Og eg ser at Sivilombodet meiner at dette er eit element som me må ta inn i våre vurderingar, seier han.

Powered by Labrador CMS