nyhende
Valvatne Bygg AS vann prestisjepris
Stord-verksemda Valvatne Bygg AS er tildelt prisen Årets Bedrift i Husbyggerkjeden Blinkhus si årlege kåring.
– Å få ein slik utmerking er så klart stor stas. Dette er anerkjenning til heile organisasjonen og at det arbeidet me legg ned kvar dag og veke, år etter år, verkeleg blir lagt merke til, seier Dag Kjetil Lægreid, dagleg leiar i Blink Hus Valvatne.
Mange jern i elden
I grunngjevinga for prisen heiter det blant anna: «Årets vinnar har mange jern i elden, dei driv med husbygging, feltutvikling og rehabilitering. Med sine mange år har dei også drive med trelastsal, no XL Bygg Valvatne, sagbruk, og vindusproduksjon. I sitt lokalmiljø støttar dei både idrett og kulturarrangement».
Sveio
Valvatne Bygg AS har halde høgt tempo sidan 1900 og tek med seg 120 års erfaring inn i framtida som ser svært lys ut. Verksemda har avdelingskontor i Sveio sentrum.