nyhende

Valfritt opplæringsmål for vaksne

Språk engasjerer. Slik var det også då kommunestyret i Sveio diskuterte opplæringsmålet for vaksenopplæringa i Førde.

Publisert Sist oppdatert

Etter forslag frå Kristina Ballard (SV) vedtok politikarane  til slutt at dei vaksne elevane med innvandrarbakgrunn skal få velja mellom nynorsk og bokmål, nett som grunnskuleelevar frå 8. klasse og oppover. Ballard sitt framlegg blei vedtatt med 17 røyster.

Vaksenopplæringa hadde tidlegare nynorsk som opplæringsmål, og Dagfinn Bjørge (Sp) foreslo å gå tilbake til dette etter nokre år med bokmål. Berre fire representantar røysta for dette forslaget, medan åtte røysta for formannskapet si tilråding om å velja berre bokmål.

Grunngjevinga for det siste var at det er lettare for framandspråklege å læra denne målforma.  Fleire av dei som røysta for bokmål, sa at denne saka ikkje handla om norsk identitet, men om integrering

Powered by Labrador CMS