Det er heilt klårt – også for oss i Valestrand – den nordlegaste bygda i kommunen – at ei sentralisering av primærhelsetenester frå midten av kommunen til tettstaden Sveio lengst sør kan vere til fordel for somme instansar – der sør.
For dersom alle helseklientar kringom i kommunen må reise dit kvar gong dei treng undersøkingar, reseptar, vaksiner o.l, vil mange av desse tilreisande nytte høvet til også kjøpe varer og tenester i Sveio sentrum. Men rimelegvis vil også somme grue seg for all reisinga til-og-frå legekontoret der sør og heimen her nord. (To mil kvar veg. ) Så er det ikkje rart om ein og annan då kanskje ser seg om etter bustad i Sveio sentrum. Og etterspørsla etter slikt vil då stige. Det same vil også prisane på husleige og hustomter der sør. Då kan det bli ein vekst i «bygningsbransjen» sør i Sveio. Ikkje rart om lokale næringsdrivande der ønskjer seg noko slikt.
Men – vi her nord ønskjer ikkje dette. Vi ønskjer så mangt, vi som andre, men mislikar at folk kanskje må flytte herifrå. Visseleg har mange flytta frå Valestrand – men: Mange har også komme attende hit.
Dette er heilt vanleg. Ein del av forklaringa er denne: Valestrand har i eit eit par hundre år vore ei bygd med små gardar og innflytta familiar med ulike dialektar og interesser. At folk her var ulike både i snakk og vanar, har vore både sjølvsagt og spennande. Mange har livnært seg på små gardar. Ofte med sesongfiske som attåtnæring. I nær fortid var det svært vanleg at dei eldste i søskenflokken reiste vekk for å ta seg løna arbeid. Mange drog til sjøs. Dei sende heim pengar til foreldra, dei kom heim med eksotiske gåver – og dei lærte frå seg mangt dei hadde lært ute. Dei kunne dessutan oppføre seg.
Den yngste i søskenflokken blei gjerne verande heime og hjelpte dei aldrande foreldra sine med gardsarbeidet. Sjølvsagt var det då den yngste som ofte overtok garden. Ikkje den eldste. Bygda dyrka ikkje sværskap, men folkeskikk. Foreldra skilde gjerne ut hustomter til barna sine, men selde ikkje hyttetomter til byfolk som jakta på slikt. (Nei, vi er ikkje så fattige heller! sa dei.)
Valestrand er framleis ei bygd med levande tradisjonar når det gjeld sans for ulikskapar, folkeskikk og kvardagskultur. Det er nedslåande om det nå blir vanskelegare å bu her for desse som slit med helsa. Elles er situasjonen denne: Vi treng berre forståing, ikkje hjelp.
– Einar Økland