nyhende

Får 384.375 kroner til ny ballbinge:

Det er på grusbanen ved Valestrand Oppvekstsenter at idrettslaget har planar om å bygge ballbinge.FOTO: PRIVAT
Det er på grusbanen ved Valestrand Oppvekstsenter at idrettslaget har planar om å bygge ballbinge.

Valestrand IL var einaste søkjar frå Sveio då SIM delte ut millionar

SIM har delt ut fire millionar kroner til miljøtiltak i dei sju eigarkommunane. Det kom inn berre éin søknad frå Sveio, og Valestrand IL kan juble for å ha fått nesten 385.000 kroner til ein ny ballbinge.

Publisert Sist oppdatert

SIM miljøfond

• I 2014 selde SIM dotterselskapet SIM Næring. Det vart vedteke i representantskapet at ein skulle opprette eit miljøfond og plassere overskotet frå salet der. Fondet sin verdi er ved utgangen av 2018 om lag 51 millionar kroner.

• SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av.

• Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar. Søknadsfristen er 1. desember.

• Styret i SIM set opp prioritert liste over tildeling av midlar. Representantskapet handsamar tildelinga som eiga sak på representantskapsmøtet.

Kjelde: sim.as

— Heilt fantastisk, jublar leiar Monica Vandaskog Valen i Valestrand idrettslag.

Fredag føremiddag kunne Vestavind fortelje ho kor mykje pengar idrettslaget har fått tildelt frå SIM sitt miljøfond, til eit ballbingeprosjekt ved Valestrand Oppvekstsenter.

Med den pene summen 384.375 kroner er nøyaktig halvparten av finansieringa av budsjettert kostnad finansiert.

Nyttig tips

Ho fortel at prosjektet har eit budsjett på 768.750 kroner, og at dei har søkt om midlar fleire stadar. Frå SIM sitt miljøfond fekk dei heile summen dei søkte om. Søknaden til SIM sitt miljøfond sendte ho i siste liten, på nyttårsaftan.

Monica Vandaskog Valen er leiar i Valestrand idrettslag.

— Eg blei tipsa om SIM sitt miljøfond, og at dei hadde få søkjarar frå Sveio, seier Valen som då kasta seg rundt og fekk av garde ein søknaden.

Det er ho glad for no.

Tre idrettar

Ballbingen skal etter planen byggjast på grusbanen utanfor Valestrand oppvekstesenter. Der står det i dag berre to gamle fotballmål.

— Me planlegger ein ballbinge med kunstgrasdekke, og kor ein kan spele både fotball, basketball og volleyball, fortel ho.

Etter planen blir det også både lys, og nett på langsidene i bingen. Dei legg også planar for å få sett opp ei hytte/gapahuk ved ballbingen.

Valestrand IL har også søkt om spelemidlar frå overskotet til Norsk Tipping til prosjektet. Blir den søknaden godkjent, og om kommunen forskotterer beløpet, reknar dei med at ballbingen kan bli opna i løp av hausten.

Éin søknad frå Sveio

De var 42 søkjarar til SIM sitt miljøfond i denne runda. Berre ein søknad kom frå Sveio, og det var nemnde Valestrand IL sin. Dei var også blant dei 24 søkjarane som fekk pengar.

Det er styret som lager ei prioritert innstilling til representantskapet, som til sist gjer vedtak om korleis midlane frå miljøfondet skal fordelast. John Kristian Økland (H) er Sveio kommune sin representant i SIM-styret.

— Eg hadde håpa og trudd at det skulle vere fleire søknadar frå Sveio, seier han.

— Trur du ordninga er marknadsført godt nok i Sveio?

— Det er nok ikkje det, for det verkar jo som om det kjem meir søknadar frå dei andre kommunane, seier han.

John Kristian Økland er Sveio kommune sin representant i SIM-styret.ARKIVFOTO

Han legg til at han håpar ordninga blir godt kjent for sveibuen no, når Vestavind skriv om saka.

— Tida gjekk i frå oss

Kommunikasjonsansvarleg Janne Hillersøy i SIM fortel at dette er tredje gong det vert delt ut midlar.

— Det har pleidd å kome mellom 30 og 40 søknadar fordelt på dei sju kommunane, fortel ho.

Dei to første åra annonserte SIM for miljøfondet i lokalavisene. Det vart det ikkje gjort i fjor.

— Tida gjekk litt ifrå oss, mellom anna grunna koronapandemien. Difor landa vi på å berre annonsere i kundemagasinet SIM-nytt i fjor, seier ho.

— Har marknadsføringa vore god nok, når det kjem berre ein søknad frå Sveio?

— Det er vanskelege å seie, men ein kan jo alltid bli betre, seier ho.

— Vil de annonsere i lokalavisene i år?

— Vi har ikkje kome så langt at me har gjort oss tankar rund det enno, men eg reknar med det. Men det kan også hende at vi vurderer andre alternativ, seier ho.

Det kom inn 42 søknadar før nyttår i fjor. Desse har fått midlar:

Powered by Labrador CMS