nyhende
Valen fritatt, Enoksen ny HHO-leiar
Kommunestyret innvilga måndag ein søknad frå Arne Valen (Sp) om mellombels fritak frå alle politiske verv fram til 30. juni neste år.
Endre Hetlesæter (Sp) rykker opp frå plassen som første varamedlem til fast plass i kommunestyret i denne perioden.
Hetlesetær blei også valt til settevaramedlem i formannskapet i same periode, medan Lars Petter Lie blei valt til settemedlem i hovudutval helse og omsorg. Carl Enoksen (H) rykkjer opp frå nestleiar til leiar av hovudutvalet medan Valen har fritak.
Så langt var kommunestyrerepresentantane samde. Det var dei ikkje om val av settenestleiar i hovudutvalet. Monica V. Valen (Sp) foreslo Lars Petter Lie (H) til dette vervet, medan Rune Teikari (Frp) foreslo Vibeke Enerstvedt (Frp). Teikari sitt argument var at han ikkje ville fråvika prinsippet om at leiar og nestleiar i hovudutvala skal vera faste medlemmer av kommunestyret.
Etter gruppemøte der dei ulike gruppene freista å koma fram til eit felles standpunkt, trekte Teikari og Frp sitt forslag. Lie blei samrøystes valt til settenestleiar.
Før avstemminga blei også møtet lukka ein kort periode etter ønske frå Olav Østebø Olsen (SV), for at kommunestyret skulle bli orientert om bakgrunnen for Valen sin søknad.