nyhende
Valde å byggja og bu i bygda
To store hendingar står for døra for Janna Hanstvedt og Andreas Eikeland i løpet av dei neste vekene. I månadsskiftet juni/juli ventar sambuarparet det første barnet sitt. Omtrent samtidig, eller helst like etterpå, kan dei flytta inn i nytt hus på Eikeland i Auklandshamn.
Det har vore langt mellom unge folk som byggjer nytt i ein krins som Auklandshamn dei siste åra. For Janna og Andreas er avgjerda om å busetja seg i ei mindre bygd framfor by eller tettstad, godt gjennomtenkt. God plass rundt seg, fri natur og god utsikt er noko av det som tel mest. Dei er også tydelege på kva dei meiner er avgjerande for at fleire skal følgja deira eksempel. Grendaskule og høgare vegstandard er to av stikkorda.
– Me har begge vore einige om at me ville bu landleg, ikkje i eit bustadfelt. Men det var lenge litt fram og tilbake om kva bygd me skulle velja, fortel dei unge sveibuane.
Valevåg eller Eikeland
Valet har først og fremst stått mellom Valevåg, der Janna vaks opp frå ho var ti år, og Eikeland, der Andreas har hatt heile barndommen sin. Begge plasser har dei hatt tilbod om tomter frå familien. Dei har også vurdert bygder i andre kommunar.
– Kanskje var det den flotte utsikten her som til slutt gjorde utslaget, seier Janna og kastar eit blikk ut over Storavatnet og Bømlafjorden, med Siggjo og Fitjarfjella aller lengst i bakgrunnen.
Her er det lite som kan hindra sola frå å skina til langt på kveld. Og utsikten, spesielt over Storavatnet, skal bli endå betre når Andreas får tid på seg til å rydda meir skog, fortel han.
– Den største minusfaktoren ved å velja Eikeland var for meg den smale Øklandsvegen. Men det går betre, og etter kvart må vel også denne vegen bli utbetra, legg Janna håpefullt til.
Kjærastar sidan ungdomsskulen
Janna og Andreas møttest på ungdomsskulen i Førde. 24-åringane har vore kjærastar dei siste ni åra.
– Det har gått utruleg fort, seier Janna, som i løpet av denne tida mellom anna har fullført eit treårig studium i England og tatt ei bachelorgrad i sosiologi og kriminologi. Vel heime igjen fekk ho jobb på Nav i Sveio, der ho har vore i snart to år og trivst svært godt.
Andreas har eit halvt år igjen av læretida si i haugesundselskapet Reach Subsea før han er ferdig utdanna ROV-operatør, det vil seia operatør av undervassfarkostar som blir styrte frå skip og brukte først og fremst på oppdrag frå offshoreindustrien. Andreas kan rekna med å bli sendt på oppdrag i nære farvatn eller langt borte. Skiftordningane vil variera etter kor på kloden dei har arbeidet sitt.
Avgjerande med grendaskule
Eit avgjerande moment når dei skulle velja buplass, var skuletilbodet i nærområdet.
– Det hadde nok ikkje vore like aktuelt å bu her eller i Valevåg om det ikkje hadde vore grendaskular her. Då kunne me like godt budd i Tysvær eller andre stader, seier Janna.
Derfor kom skuledebatten i vår som eit sjokk på det unge paret. Det var lite i partiprogramma som peika i retning av ein ny nedleggingsdebatt i denne kommunestyreperioden, meiner dei. Naturleg nok har dei vore sterkt opptekne av skuledebatten og er glade for at både Auklandshamn og Valestrand skular blei berga i denne omgang.
Men dei ser også at dei kanskje må engasjera seg meir, både politisk og på andre måtar, for å sikra skulane på lengre sikt. Derfor håpar dei også at fleire unge par vil busetja seg i bygda. Og dei meiner det vil vera positivt om Auklandshamn, Tjernagel og resten av Bua-krinsen kan veksa meir saman til ei robust kystbygd i vest.
– Me har begge gode erfaringar frå små skular. Det blir eit heilt anna samhald her enn på større skular, seier dei. Andre kan ha negative opplevingar, men slik er det på store skular også, seier dei.
Janna hadde dei første skuleåra sine på Avaldsnes, men fortel at ho treivst mykje betre på Valestrand. Ho er heller ikkje komfortabel med tanken om å senda dei minste barna på lange bussturar til og frå skulen.
Eigeninnsats
Byggeprosessen på tomta som Janna og Andreas har kjøpt frå familien hans, starta i fjor. Andreas fortel at dei sjølve har stått for utgraving av tomta. Dei har også fått vera med å gjera ein del av det elektriske installasjonsarbeidet. Og dei har montert kjøkkenet sjølve.
– Det var veldig godt å få kjøkkenet på plass. Då ser det straks meir ferdig ut, kommenterer Janna.
Enno står det igjen ein god del monteringsarbeid og listing. Ikkje minst ventar dei på trappa opp til andre etasje, der soveromma og ei loftstove med den aller flottaste utsikten er å finna.
| Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK. |