nyhende
Uvêret har treft Sveio – tre blåste ned på E39
Laurdag ettermiddag har vinden auka kraftig på i Sveio og på Haugalandet.
Like etter klokka 15 melde Sør-Vest politidistrikt at eit tre har blåst ned over E39 ved Bråtveit.
— Det ligg over det eine køyrefeltet, retning Haugesund. Vegtrafikksentralen er varsla og sender personell for å rydde opp, skriv politiet.
Takplater blåste av garde
Klokka 15.26 melde Sør-Vest politidistrikt at eit tak har blåst av ei eldre bygning i Karmsundgata i Haugesund. Det viste seg i ettertid å vere litt mindre dramatisk, men at det var nokre takplate som hadde løsna på eit bygg.
Brannvesenet har sikra resten av platene.
Like før klokka 16 beslutta politiet og Statens Vegvesen å stenge Karmsund bru.
— Det blir vurdert som uansvarleg å krysse brua, både for gåande og køyrande, melder politiet.
Melder orkan styrke i Sveio
Meteorologisk institutt har utvida sitt oransje farevarsel for vind, dei gjeld no ikkje berre for Rogaland, men også også for Hordaland.
På kysten av Sveio er det vente vindkast på opp mot 35 sekundmeter. Orkan styrke er 33 sekundmeter.
Oransje farevarsel for vind har ein såkalla returperiode på 10 år, noko som betyr at det i snitt er kvart tiande år enkeltområde opplev det.
For Sveio gjeld også gult farevarsel for jordskred og gult farevarsel for flaum.
Innstilte ferjer
Uvêret råkar også ferjetrafikken. Både Buavåg-Langevåg er innstilt, og det same har Arsvågen-Mortavika på E39 vore sida i 13-tida laurdag.