NPK-NTB: Statens vegvesen åtvarar om svært vanskelege køyreforhold og stengde vegar i fleire delar av landet under ekstremvêret Gyda onsdag og torsdag.
Vind, mildvêr og mykje nedbør kan føre til flaum og skred i Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, nordlege delar av Innlandet og Ofoten i Nordland fram til torsdag, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Det kan føre til svært vanskelege køyreforhold, redusert framkomme og stengde vegar.
Avdelingsdirektør for trafikkstyring og beredskap Nils Karbø i Statens vegvesen ber folk følgje nøye med på informasjon om vêr- og trafikksituasjonen.
– Publikum bør vurdere ekstra nøye om dei må ut å køyre, eller om dei kan la bilen stå, seier Karbø.
(©NPK)