nyhende
Uvettig bilkøyring laga skadar på jorde
I morgontimane onsdag fekk jordet til Hans Einar Grimstvedt mykje skade då ein bil køyrde utpå. Då utkøyringa skjedde skal det ha vore kø forbi staden. — Eg tenkjer nokon har sett noko, seier Grimstvedt.
Hans Einar Grimstvedt og familien fekk seg ei stygg overrasking onsdag morgon. Jordet deira, som ligg langs Tjernagelvegen, hadde fleire djupe og øydeleggjande hjulspor i seg.
Dei veit ikkje kven som har gjort det, eller kvifor.
— Det er litt idiotisk at dei gjer det utan å seie i frå, seier Grimstvedt.
Sjølve jordet er beskytta av både gjerde og grind, noko som gjer det heile enda meir uforståeleg.
— Dei har ikkje køyrt ned nettet, dei har lukka opp ei grind. Så eg forstår ikkje nokon ting, for det var ikkje glatt, seier Grimstvedt.
Skjedd under kø
Ifølgje han skal det ha skjedd i morgontimane mellom klokka 07 og 07.30. Då skal det også ha vore mykje kø på Tjernagelvegen.
— Det var kaos mellom klokka 7 og 7.30, seier Grimstvedt.
— Stod trafikken då?
— Ja, den gjorde det ei stund, seier han.
Difor håpar han og familien at andre som var til stades kan ha sett noko, og kan gje tips som kan hjelpe.
— Eg tenkjer at nokon har sett noko, Grimstvedt.
Slåttemark
Jordet nyttast til som slåttemark til grasproduksjon. Skadane som har vorte påført vil gjere det naudsynt med utbetring.
— Det er så mykje at det må såast til og fiksast til våren, seier Grimstvedt.