nyhende
Utvidar tilbodet på Stord-Oslo-ruta
Sidan dagens ruteprogram opna i april, har meir enn 30.000 reist med DAT mellom Stord og Oslo.
I november hadde Stord-Oslo-ruta eit rekordhøgt passasjertal med over 4.000 reisande. Dette ei utvikling som no gjer utvidingar i rutetabellen mogleg, skriv DAT i ei pressemelding.
For å imøtekomma den auka etterspurnaden blir det frå 4. mars ein ekstra ettermiddagsavgang tysdagar.
Før det bli den tidlege ettermiddagsavgangen onsdagar flytta til formiddagen. Dette skjer etter førespurnad frå lokalsamfunnet, skriv DAT. Endringa gjeld frå 8. januar.