nyhende

Frå Bremnes Seashore på Loddetå nord i Sveio. ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

Utval skal sjå på dei gunstige permisjonsreglane i oppdrettsnæringa

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) set ned hurtigarbeidande utval som skal vurdere om oppdrettsnæringa framleis skal ha gunstige permisjonsreglar.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Ei vanleg bedrift må betale lønn i 15 dagar etter at permitteringa har tredd i kraft. I motsetning tek staten rekninga frå dag éin for permitterte i fiskeri- og sjømatnæringa, skriv Dagens Næringsliv.

– Vi har sett fleire døme i haust og vinter på korleis selskapa har permittert tusenvis av tilsette og at staten dekkjer lønna frå dag éin. Det sjølv om oppdrettsnæringa har milliardoverskot og svært gode tider. Då kan ein spørje om reglane skal vere dei same for villfisk og oppdrett, seier ho, seier arbeidsministeren til avisa.

Fram til sommaren skal eit hurtigarbeidande utval vurdere om desse permisjonsreglane skal halde fram.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS