nyhende
Utsett for hærverk
På veg heim frå jobb oppdaga Birger Bjelland at nokon hadde skore opp tre siloballar. Då måtte han kasta seg rundt for at dei ikkje skulle gå til spille. – Det er frustrerande, seier Bjelland.
– Det er første gong eg har opplevd, eller sett noko slikt i området, seier Birger Bjelland.
Difor kom det som ei stygg overrasking då han såg kva ein ukjend person hadde gjort med ein kniv.
– På måndag når eg køyrde heim såg eg at nokon hadde skore opp nokre siloballar. Det var litt keisamt kan ein seia. Heldigvis låg det berre tre stykk der, men dei hadde skåre opp alle, seier han.
I landlege strøk er siloballar eit svært vanleg syn. Men sjølv om det finst mange er dei langt i frå billig.
– Ein med god kvalitet er verdt ein 700 kroner pluss moms, seier Bjelland.
Om ein reknar med arbeidstid, drivstoff, utstyr og vedlikehald vert reknestykket mogelegvis enda litt høgare. Det som skal verta mat for dyr på garden kan fort øydeleggast.
– Vert det hol så ser ein kanskje ikkje det før fukt har kome inn, seier Bjelland.
Han har ofte sett barn leika uskuldig på dei, og seier at det er noko heilt anna enn kva som hende.
– Dette var ikkje leik, og ikkje ungar. Det skal mykje kraft til for å skjera ein opp, seier han.
– Kva må du gjera når slikt skjer?
– No ringte eg rundt til bønder som har stutar eller mjølkekyr for å få det brukt, i staden for å måtte kasta det. Det kan ligga i eit par dagar utan at det vert øydelagt, men det er mykje ekstraarbeid rundt det, seier Bjelland.
Han forklarar at det avheng på veret kor lenge ein øydelagt ball kan ligga. Vert det vått må det kastast etter kort tid. Då går alt arbeidet til spille.
– Eg anbefaler alle å ta ein ekstra kikk på siloballane sine. Dei skal ikkje ligga lenge før dei vert øydelagde, seier Bjelland.
Gardsdrift kan vera utfordrande grunna mykje usikkerheit. Veret har stor verknad på drifta, og når det er ustabilt gjer det jobben til bønder vanskelegare.
For Bjelland ordna det seg grunna han tenkte raskt. Men hendinga var uvelkomen, og berre ei i rekka av hindringar som bønder har opplevd den siste tida.
– Grunna tørken har det vore ein bra førsteslått, men det ser ikkje bra ut med neste med tanke på regnmangelen som har vore inntil nyleg. Og det er heller ikkje lett å få tak i for, sidan det også har vore tørke på austlandet og i Europa, seier han.