nyhende

Frå 1. januar 2019 overtok Sveio kommune drifta av Førde legekontor. Her frå markeringa av overtakinga; frå venstre leiar i helse- og rehabilitering, Tore Bøe Olsen, kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft, ordførar Jorunn Skåden, og fastlegane Jakub Korzeniewski og Jens Aksdal.

Utlyser fastlegestilling for andre gong

Ein av dei tre legane ved Førde legesenter har gått vidare til nye utfordringar.

Publisert Sist oppdatert

Den som blir tilsett skal ta over etter fastlege Mary-Ann Sommernes, som har vore tilsett på Førde legesenter sidan 1. september 2019. Ifølgje kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio, Ingunn Toft slutta Sommernes på eige initiativ sist veke, og går no vidare til nye utfordringar.

– Etter første utlysing fekk me to søkjarar der ein trekte seg og ein fekk tilbod, men takka nei, opplyser Toft.

Jakub Korzeniewski som har vore kommunalt tilsett frå 1. janaur 2019, held fram som fastlege, samt Jens Aksdal som er privatpraktiserande.

– Er det god tilgang på fastlegar?

– Om det er god tilgang på fastlegar vil i stor grad vera avhengig av rammevilkåra, men konkurransen om dei er stor, bekreftar kommunalsjef Toft.

Kommunalt frå 2019

Sveio kommune overtok drifta av Førde legekontor 1. januar 2019. Då slutta Astrid S. Aksdal som fastlege ved legekontoret.

For å sikra vidare drift og kontinuitet ved legekontoret, inngjekk Sveio kommune avtale om å overta drifta. Dette innebar at alle tilsette fortsette i stillingane sine som kommunalt tilsette, og at Jens Aksdal heldt fram som privatpraktiserande fastlege.

Powered by Labrador CMS