nyhende

PolitiUP er ikkje berre å treffa på E39. Det fekk trafikantar på Ålfjordvegen merka tysdag.

Utforkøyring enda med bil på taket

I morgontimane tysdag køyrde ein sjåfør ut av vegen og bilen rulla rundt. Politiet er på staden og snakkar med vitne.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ein sjåfør som har køyrd ut av vegen i Auklandshamn, seier Roger Litlatun, vaktsjef ved Sør-Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Stavanger.

Bilen har enda med å rulla rundt og landa på taket, på Øklandsvegen.

– Me har stengt vegen og er på staden, kor me snakkar med naboar og vitne, seier Litlatun.

Dei ynskjer å danna seg eit bilete av årsaka til ulukka og håpar dei i nærleiken kan vere til hjelp.

– Det er ikkje sikkert me får anledning til å snakka med sjåfør, då sjåføren skal tas med vidare til sjukehus for meir undersøking, seier Litlatun.

Han kan ikkje seie noko om skadeomfang hos sjåfør eller køyretøy, utanom at bilen har rulla rundt. Det er ikkje mistanke om rus eller uforsiktig køyring, legg vaktsjefen til.

Powered by Labrador CMS