Streikefondet til Utdanningsforbundet er på 1,4 milliard kroner, opplyser leiar Steffen Handal. Her held han appell under eit streikearrangement i Lillestrøm i førre veke.FOTO: NPK
Utdanningsforbundets streikefond er på 1,4 milliard kroner
NPK-NTB: 3.100 lærarar frå Utdanningsforbundet er i streik frå onsdag. Dei er innstilte på å streike lenge om nødvendig og har 1,4 milliard kroner i streikekassa.
– Utdanningsforbundet hadde ved nyttår ein eigenkapital på 2 milliardar kroner. Av dette er 1,4 milliard kroner sett av i eit eige streikefond, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet til VG.
Dei streikande lærarane får ikkje lønn frå kommunar og fylkeskommunar, som er dei offentlege arbeidsgivarane til lærarane. Over førti lærarar i Bergen har streika sidan like før skulane tok sommarferie i juni. Leiar i Utdanningsforbundet i Bergen, Bente Myrtveit, meiner det er roande at økonomien i forbundet er så solid.
– Vi er nokre her i Bergen som no har streika i 73 dagar. Alle har fått utbetalt streikebidrag som svarer til vanleg lønn. Ingen blir økonomisk skadelidande av å streike. Det romslege streikefondet gjer det trygt å streike, og vi signaliserer til omverda at vi kan streike lenge, seier ho.
Norsk Lektorlag har frå onsdag 43 medlemmer i streik og har eit streikefondet på 34 millionar kroner.