nyhende
Utandørs påskebodskap med plakatar og kors
Me går mot ei ny påskehelg der smittesituasjonen med korona gjer at me ikkje kan samlast fysisk i kyrkjelydane. Fellesskap, der me møtest til gudstenester og samlingar inne eller ute, er sakna, og lite kan erstatta det. Men me kan gjera noko.
Kyrkjelydane har i år kjøpt inn to plakatseriar. Den eine til ei tradisjonsrik krossvandring, der ein går i Jesu fotspor mot krossen frå stasjon til stasjon – ein gammal tradisjon i tida rundt påske. Før helga med palmesøndag tek til, vil me hengja opp plakatserien «Via Dolorosa» ved Sveio kyrkje, Førde kyrkje og Eikeland kapell. Denne plakatserien, ein velkomstplakat og 14 plakatar med bilete og bibeltekst, vil hengja oppe til påskeaftan.
Då vil me byta ut krossvandringsplakatane med 14 nye plakatar. Gjennom håpsvandringa «Via Lucis» følgjer me forteljinga som fokuserer på lyset og håpet om Jesu oppstode. Håpsvandringsplakatane blir hengjande oppe fram mot pinse.
Ved kyrkjene i Valestrand, Førde og Sveio og ved Eikeland kapell vert det og sett opp eit stort kors. For kvar av høgtidsdagane i påsken vert bibelteksten for dagen og eit salmevers som passar til dagen hengt på korset. Det vert pynta med ting som høyrer dei einskilde dagane til. Her kan ein sjølv ta med ein kvast blomar eller tenne eit lys.
Gudstenester i påska
Det vert feira gudstenester i Sveio og denne påska. Du som tilhøyrar må setje deg framfor skjermen og søkje opp sida «Sveiokyrkja» på Facebook. Då kan du sjå gudsteneste frå Sveio kyrkje på palmesøndag, frå Valestrand kyrkje på skjærtorsdag kveld, og frå Sveio kyrkje både langfredag og påskedag.
Det vert og høgtidsringing frå kyrkjene i Valestrand, Førde og Sveio på påskeaftan.
Me håpar mange legg turen til kyrkjene våre for å oppleva påkebodskapen enten det er ute ved plakatar og kors, eller inne framfor skjermen. Kyrkjelydane i Sveio ynskjer deg ei god påskehøgtid.
Haldis Rolfsnes Stueland og Arild Steinsland