nyhende
Kjempar for nærskulen, sjølv om ungane nyttar eit anna tilbod:
– Utan skule ville me ikkje flytta hit
11 elevar frå Sveio går på privat skule i Haugesund. Andreas Sirevaag er av dei som nyttar eit anna tilbod enn nærskulen til sine tre skulebarn. – Eit signal om at avstand gir utfordringar, seier kommunestyrerepresentanten.
Dei fleste elevane går på skule i kretsen der dei bur. Frå 2016 til 2020 har 28 elevar søkt seg til ein annan skule i Sveio, og 11 elevar går i privat skule i Haugesund. Dette blir opplyst i rapporten til Telemarksforsking.
Fem same veg
Nokon synest at det ikkje gir meining at ein representant skal halda innlegg og stå for at ein skal bevara nærskulen, når ein sjølv ikkje nyttar tilbodet. Heilt spesifikt gjeld dette Andreas Sirevaag, som bur på Tittelsnes og representerer Sveio Senterparti.
Sirevaag er pappa til fire, og denne hausten blir barna frå barnehage- til ungdomsskulealder køyrde over fylkesgrensa, då mora skal til nøyaktig same destinasjon. Barna har gått i barnehage og skule på Valestrand oppvekstsenter inntil dei starta på Steinerskolen og Steinerbarnehagen i Haugesund.
Organisering
– Det gjorde dei etter at kona mi fekk jobb der. Ho har sjølv gått på, og tidlegare vore lærar på ein Steinerskole, fortel Sirevaag. Eldstejenta starta på ungdomsskulen dette skuleåret, to går på barneskulen og minstemann går i barnehagen. Logistikk er eit nøkkelord for familien.
– Me valde å gjera det som er lettast for oss logistisk. At me valde ei slik løysing, er eit signal om at avstandar gir utfordringar. Jo fleire som må flytta seg over lang avstand, jo lettare er det for oss å samla troppane når dette skal gjerast. I ein distriktskommune med ein avgrensa arbeidsmarknad og lange avstandar, vil det alltid vera individuelle behov for å organisera dagen til sitt eige beste, seier Sp-representanten.
Levande bygd
Sjølv om ikkje familien nyttar nærskulen sin, er han klar på at Valestrand treng ein skule for å vera ei levande bygd.
– Utan skule ville me ikkje flytta hit, slik vil andre òg tenka, seier Sirevaag, som har blitt kjend med andre i bygda gjennom nettopp skulen.
At innbyggjarar i kommunen vel andre skular enn nærskulen sin er ikkje unikt. Det kan ein sjå i rapporten frå Telemarksforsking.
God utvikling
– Det er lite truleg at alle elevar trivst på skulane sine. Sveio kommune treng derfor eit mangfald av skular for å ta vare på alle barn. Det er ikkje slik at større er betre. Tvert i mot meiner me at mindre skular skular, under kyndig leiing alltid vil vera det beste, rett og slett fordi lærarane vil få meir tid til kvar elev, seier politikaren.
Når det gjeld kvalitet på undervisninga, har familien på den nye skulen fått stadfesta at barna deira har hatt ei god utvikling på Valestrand oppvekstsenter.
– Fagleg gjer dei det bra, og dei er trygge og robuste barn, seier familiefaren.