nyhende
Usemje om forlenging av Haugalandspakken
Sveio kommune vart bedt om å ta stilling til forlenging av Haugalandspakken og meir bompengar. Måndag kveld stemte fleirtalet formannskapet ja til forlenging. Men, då forventar dei eit vesentleg bidrag til fylkesveg 47.
Viss ein køyrer fylkesveg 47 frå Sveio til Haugesund må ein betala bompengar på Gard. Til sommaren skal den, og alle dei andre stasjonane i Haugalandspakken, etter planen bli avvikla. Men no kan det vere at innkrevjinga held fram som del av ein ny Haugalandspakke.
Kan finansiera meir
Hensikta med meir innkreving er å kunne fortsetta med vegprosjekt som har vore ynskt, men ikkje vorte bygd enno. Av desse er særleg strekninga frå Fagerheim til Førland, og trafikksikring på Rophus. To prosjekt som begge er av interesse for Sveio.
Kvart år gjev bompengane frå Haugalandspakken om lag 210 millionar kroner i nettoinntekter.
Samstundes kan ei forlenging sikra 30 millionar kroner meir til Fylkesveg 47 i Sveio, enten til utbetring av kryss eller trafikksikring. Innkrevjing frå Haugalandspakken vil då maksimalt vara til nyttårsaftan 2026.
Haugesund og Karmøy planlegg også ein såkalla Bypakke. Når den kjem om nokre år vil det truleg fortsatt krevjast bompengar frå sveibuar som pendlar inn til Haugesund.
Stemte ja
I desse dagar har fleire andre kommunar sine formannskap teke stilling til om dei vil forlenge eller ikkje. Måndag kveld gjorde formannskapet i Sveio det same. Dei stemte ja til ei forlenging.
Men, det var ikkje eit samrøysta formannskap. Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) og Stian Nygård (Uavhengig) stemte begge nei.
Eriksen ynskte ikkje å gå inn for meir bompengar.
— Me har ein kontrakt med veljarane våre, sa Eriksen under møtet.
Stian Nygård var til stades som vara for Rune Teikari (FrP). Han fortalte at han såg mykje vegarbeid på Haugalandet, men ikkje i Sveio. Difor var han skeptisk til kva dei vil få ut av ei forlenging.
— Eg slit med å vere med på det, sa Nygård under møtet.
Vedtaket om forlenging av Haugalandspakken vart stemt gjennom med fem mot to stemmer.
Åtvara mot tilleggskrav
Søknaden om forlenging skal sendast på vegner av alle kommunane til Stortinget. Då må dei vere samde om kva kommunane søker om. Om berre ein av kommunane vedtek å ikkje forlenge, vil det nemleg ikkje sendast ein søknad.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) åtvara difor formannskapet om å kome med endringsforslag.
Lars Einar Hollund (H) la fram eit forslag som seier at Sveio forventar eit vesentleg bidrag til Fylkesveg 47, og at eit kryss på Ekrene vert prioritert først. Det vart vedteke med fem mot to stemmer, der ordføraren og Håkon Skimmeland (Ap) stemte i mot.
Erve var likevel positiv. På spørsmål om kva signal Hollund sitt endringsforslag sender til dei andre kommunane, svarar ho.
— Det viktigaste signalet me sender med formannskapet si innstilling til kommunestyret er at forslaget er vedtatt, at Sveio formannskap vil forlenge Haugalandspakken.
Om Sveio går inn for forlenging eller ikkje, vil avgjerast på møte i kommunestyre den 20. februar.