nyhende
Uroleg for at folk byter ut buss med elbil
Totalt var det 61,7 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland i 2021, mot 53,9 millionar i 2020. I 2019 var talet 82,5 millionar, skriv Vestland fylke i ei pressemelding.
Ferjetrafikken har ikkje vore så hardt ramma av pandemien, og her vart situasjonen nær normalisert i 2021. På fylkesvegferjene i Vestland var det 5,1 millionar passasjerar i 2021, same nivå som i 2019.
Båtrutene hadde derimot framleis 34 prosent lågare trafikk enn normalåret 2019. Mange båtruter har tilnærma same reisetal som i 2020, noko som kan skuldast at mange av dei som pendlar med båt, er arbeidsreisande som har kunna byte ut reiser med heimekontor, heiter det i pressemeldinga.
Også for Bybanen i Bergen er talet på påstigingar 25 prosent under toppåret 2019, trass i ein auke på 12 prosent frå 2020. For bussreiser var det ein gjennomsnittleg oppgang på16 prosent, men trafikktalet ligg framleis godt under 2019-tala.
Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland er uroleg for at pandemien kan ha ført til eit varig byte frå kollektivtrafikk til elbil.
– Dette var ei forståeleg endring under pandemien, då me vart rådd frå å reisa kollektivt. Men det er ikkje ei berekraftig utvikling framover, og den må brytast. Elbil-insentiva er sterke i Noreg, og elektrifisering av bilparken er naudsynt for å nå klimamåla, men dersom det fører til meir biltrafikk, får vi problem, særleg i byområda. Vi er uroleg for at folk byter ut buss med elbil med godt samvit, seier Askeland.
(©NPK)