nyhende
Uroa over smitteutviklinga Sveio
I løpet av siste døgn har 14 personar testa positivt i Sveio kommune.
– Siste døgn har me fått varsla 14 nye smitta, eg er uroa over utviklinga, seier kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft.
Ho legg til at dei nasjonale tiltaka som blei annonsert i går, var som venta, utan at samfunnet er heilt stengt ned.
– Kva konsekvensar får dei nye smittevernreglane for Sveio kommune?
– Ein av dei største konsekvensane vil bli korleis karanteneplikta vil føra til at barn ikkje kan gå i skule og barnehage, samt at bemanningssituasjonen kan bli utfordra, seier Toft.
Bemanningssituasjonen ved Sveio omsorgssenter beskriv ho som krevjande med høgt sjukefråvær og fleire karantener.
– Men det er gode beredskapsplanar, legg ho til.
Intensiverer vaksineringa
Neste veke får Sveio 750 fleire vaksinedosar enn tidlegare berekna. Det betyr at i løpet av denne og neste veke vil det bli sett nær 1600 dosar.
Vaksineringa på Sveio soknehus går som normalt denne veka, neste veke blir det vaksinert både tysdag og onsdag.
For at Sveio skal nå målet til regjeringa om at alle over 45 år, med intervall på 4 1/2 månad, må Sveio kommune frå denne veka og før nyttår, setja 2300 dosar.
– Til nå har me klart i underkant av 1600 dosar, så viss me får 700 dosar til i romjula, vil me klara det. Det skal ikkje stå på oss! Får me nok dosar vil me vaksinera i romjula og koma i mål med regjeringa si anbefaling, seier kommunalsjef Ingunn Toft.