nyhende

John Gustav Eilerås (t.v.), Aslaug Kinn og Helge Matre meiner terskelen for sjukeheimsplass er høg nok frå før.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
John Gustav Eilerås (t.v.), Aslaug Kinn og Helge Matre meiner terskelen for sjukeheimsplass er høg nok frå før.

Uroa for eldreomsorga i Sveio

Eldrerådet seier deira oppgåve er å vere vaktbikkje, og no ynskjer dei å heva stemmen. Dei er uroa for eldreomsorga i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

— Kort tid etter utskriving får han eit illebefinnande og må tilbake på sjukehuset. Legen seier han må innom sjukeheimen før han kan dra heim. Då spør han om kona kan bli med, men det får ho ikkje plass til. Då valde han heller å køyre heim for å vere med kona, seier John Gustav Eilerås, leiar i Eldrerådet.

Hendinga meiner han viser at eldreomsorga i Sveio må betrast.

— Mannen måtte velje mellom seg sjølv og kona. Å verte sette i slike situasjonar er uverdig, seier Matre.

Aslaug Kinn og Helge Matre er einige med han. Dei sit også i Eldrerådet, og kjenner til fleire vanskelege opplevingar innan eldreomsorga.

For få plassar

Då rådmannen foreslo å heva terskel for sjukeheimsplass vart eldrerådet uroa. Det er allereie vanskeleg nok meiner dei.

— Dei må auka antal plassar og personell, seier Kinn.

— Opplever dokker at det er nok langtids-plassar på sjukeheimen?

— Nei, så lenge folk som tydeleg har trong får avslag kan det ikkje vere nok plassar, seier Matre.

Aslaug Kinn har snakka med ei som hadde ein sjuk mann med fleire plagar.

— Ho sa det verste var at han ikkje fekk sove om nettene. Han fekk heimesjukepleie, og eg spurte om ho ikkje fekk avlasting. Ho svara at han fekk ei veke på sjukeheimen, og så seks veker heimesjukepleie.

— Ho opplevde at situasjonen berre meir og meir krevjande. Ho klaga ikkje og ville aldri tenkt på å klaga, seier Kinn. Eit godt eksempel på ein vond sirkel meiner dei. Dei seier at pårørande hjelper sine kjære, men vert utslitne av det.

— Får dei avlasting er det berre for ei veke, og så seks nye veker med krevjande innsats som ofte går døgnet rundt. Og, ein må tenkje over at pårørande ofte er i liknande alder. Når dei er født på 30- eller 40-talet så er jo enten ektefelle, barn eller nær pårørande sjølv eldre. Dei har kanskje sine eigne plager. Difor må kommunen sjå litt meir enn berre den som ber om tenesta, seier Eilerås.

Å klage er det høg terskel for hevdar dei, både til tenestekontoret og privat.

— Dei er eldre og ikkje vant til å klage. Dei er redd det skal slå negativt ut på seinare søknadar, seier Kinn.

Eldrerådet understrekar at det sjølvsagt ikkje er slik, men at dette er ei kjensle blant mange.

— Det er feil, og det vil eldrerådet få ut, seier Kinn.

Komplisert bilete

Dei kjem ikkje berre med ris. Eldrerådet har forståing for at eldreomsorg er krevjande. Dei kjenner til fleire solskinns-historier også.

— Eg har tenkt mykje på dei som sit på tenestekontoret, seier Kinn.

Eldrerådet er tydeleg på at tenestekontoret ikkje bør klandrast. Dei gjer jobben dei er sete til.

— Grunnen til at dei seier nei er at det ikkje er plass, og dei er bundne av rammene, seier Kinn.

Eilerås tek opp kommuneøkonomien og den komande eldrebølgen.

— Det skal vere 40 prosent fleire menneskje over 80 år innan år 2040, seier Eilerås. Om det er eit problem med manglande midlar no, kva kjem det då til å vere i framtida spør han, før Matre legg til:

— Det er kommunestyre-representantane som må prioritere, seier han. Sjølv vonar dei at helsa held så lenge som mogeleg.

— Kva tenkjer dokker sjølv om sjukeheimsplass når den tid kjem?

— Alt avheng av helse, men viss me vert helselause og ikkje klarar oss sjølv, så ynskjer eg ikkje å slite ut mine næraste, seier Kinn.

— Eg vil plaga kone og barn så len-ge som mogeleg, seier Eilerås med eit glimt i auget. 

Rådmannen: —Lar ikkje folk bu heime viss det er uforsvarleg

Rådmann Ingunn Toft er ueinig i at det ikkje er nok plassar på sjukeheimen.

— Folk skal vere trygge på at dei får hjelpen dei trenger. Men det dei ynskjer er ikkje alltid det me meiner dei treng, seier konstituert rådmann Ingunn Toft.

Ho vart førelagt kva eldrerådet meiner om eldreomsorga i Sveio, og er positiv til eldrerådet si rolle som vaktbikkje.

— Det er bra me har dei, for då får me eit innblikk i kva dei eldre meiner, seier Toft.

Ho er klar på at Sveio sin eldreomsorg tilbyr gode tenester til dei som vert vurdert til å trengje det.

— Me lar ikkje folk bu heime viss det er uforsvarleg, seier ho.

Konstituert rådmann Ingunn Toft i Sveio kommune.

Rådmannen har forståing for at det kan vere frustrerande å ikkje få plass, men understrekar at det ligg faglege vurderingar til grunn for kven som får plass eller ikkje.

— Det er kriteria, eller terskelen, som eldrerådet reagerer på. Historisk har terskelen for å kome inn endra seg. For 10–15 år sidan var det meir eit aldersheim, og i dag er det eit mini-sjukehus, seier Toft.

Ho understreker at alle som har krav på sjukeheimsplass, vil få det.

— Viss me får sju personar i morgon som me vurderer til plass, så får dei plass, seier Toft.

Men, dei faglege kriteria slår også andre vegen.

— Sjølv om eg får to søkjarar og har sju ledige plassar, så får dei ikkje nødvendigvis plass. Det er same faglege kriterium som ligg til grunn. Du kan vere 100 år i dag og ikkje kvalifisere til sjukeheimsplass, seier ho.

Krevjande i framtida

Eldreomsorga og helsetenesta er i ein særskild situasjon, som berre vil auke i styrke forklarar Toft.

— Det er ein helsepersonell-mangel, og den vert enda større om 10-20 år. Me må ruste oss til det, seier Toft.

Samstundes peiker ho på at det vert fleire eldre og strammare kommuneøkonomi. Sveio kommune følgjer den såkalla omsorgstrappa, som drivast etter LEON-prinsippet (lågaste effektive omsorgsnivå). Det vil seie at ein vil tilby mest mogeleg hjelp på lågast nødvendige trinn. Det betyr i praksis at om du kan bu heime mot at du får helsepersonell på besøk, så får du det. Jo meir hjelp du trenger, jo høgare trinn blir du plassert på i «trappa».

Ifølgje Toft får kommunen best nytta ressursane sine slik.

— For å gje effektive omsorgstenester, gjev me tenester på lågast effektive omsorgsnivå. Men, det er viktig at det er forsvarleg, seier ho.

Rådmannen seier korttidsplassane er mest brukt av dei som kjem frå sjukehus, men at det og nyttast til avlasting for pårørande.

Toft fortel at dei tilbyr ulike intervall, ut i frå kva som vert vurdert som behov.

— Me har ein veke her og seks heime for nokon, men og andre variantar som to veker her og to heime. Det er det tenestekontoret som vurderer, seier Toft.

Når det eldrerådet kallar for ein vond sirkel vert nemnt, svarar ho at det er ikkje kommunen sin erfaring.

— Det er ikkje vår oppfatning at mange pårørande er misnøgde, seier Toft. 

Powered by Labrador CMS