nyhende

Tore Johann Enerstvedt er fagleiar for vatn og avløp i Sveio komune.
Tore Johann Enerstvedt er fagleiar for vatn og avløp i Sveio komune.

Unormalt stort vassforbruk

Sveio vassverk leverer for tida ut 35 liter vatn i sekundet. Tore Johann Enerstvedt, som er fagleiar for vatn og avløp, trur nærare halvparten av dette skuldast lekkasjar.

Publisert Sist oppdatert

Det var Haugesunds Avis som først omtalte denne saka. Enerstvedt stadfestar desse opplysningane overfor Vestavind. Måndag morgon har han ikkje nye måleresultat å visa til, men han oppfordrar folk til å sjekka i naust og hytter om vasskranar står opne eller om det har oppstått lekkasjar som resultat av frostsprengingar.

– Me har også mistanke om at det er lekkasjar på det kommunale nettet, og er stadig på jakt etter desse. Også her treng me hjelp frå befolkninga og ber alle melda frå om dei har mistanke om vassleidningsbrot.

Enerstvedt minner også om at vasslekkasjar kan gå ut over brannberedskapen i kommunen. Rekninga for uvanleg stort vassforbruk vil dessutan enda hos innbyggarane, sidan vassverket blir drive etter sjølvkostprinsippet.

Det er ikkje lovleg med frosttapping i Sveio, slik kommunen har mistanke om at ein del innbyggarar gjorde under kuldeperioden tidlegare i januar.

Powered by Labrador CMS