nyhende
Unge vel vekk organisert idrett
Fleire og fleire unge vel å gå på treningssenter framfor å drive med organisert idrett. Mange har større musklar som motivasjon og det uroar forskar.
NPK: – Det er gøy å kunne løfte tungt. Eg skriv ned kor mykje eg klarer å løfte og konkurrerer med meg sjølv. Eg kjenner meg bra og bli meir sjølvsikker, seier Sebastian Holter Nilsen (17) til NRK.
Han er ein av mange som vel å trene på senter framfor å drive med organisert idrett. Tal NRK har henta frå Noregs idrettsforbundet (NIF) viser at det var ein auke på medlemmer i organisert idrett på 1,2 prosent frå 2020 til 2021. Aktivitetstala viser derimot ein nedgang på 1,4 prosent i same periode. Desse tala viser talet på aktive utøvarar, trenarar og leiarar i idrettslaga. Over to år har talet på aktive vorte reduserte med 82.500, noko som utgjer 5,2 prosent av det samla talet aktive.
Trine Tetlie Eik-Nes, som mellom anna forskar på forhold til kropp og eteforstyrringar, er uroa over utviklinga.
– Ei utfordring er at ein ofte kan få eit fokus på utsjånaden i staden for helsegevinstane trening har. Ver obs på at kroppen skal ein ha heile livet, så prøv å finn ut av ting som er artig og som gjer det sterkare og ikkje nødvendigvis berre eit vist utsjånadsideal, seier ho til NRK.
(©NPK)