nyhende

Dei ungdommane som brukar minst tid framfor skjermen er gjennomgåande meir tilfredse med livet enn andre. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Dei ungdommane som brukar minst tid framfor skjermen er gjennomgåande meir tilfredse med livet enn andre.

Unge som brukar mykje tid med vener har best livskvalitet

Ungdom som er mykje med venner og brukar mindre tid på skjerm enn gjennomsnittet blant sine jamaldrande er dei med best livskvalitet, ifølgje fersk rapport.

Publisert Sist oppdatert

– Målet med rapporten er å fylle eit kunnskapshol med fritidsprofilar, sa leiar Anders Bakken ved Ungdata-senteret då han presenterte funn frå den ferske rapporten på Ungdatakonferansen onsdag.

Fem profilar

I rapporten har Bakken og kollegaene hans samanfatta data dei har samla inn gjennom undersøkingar frå 2014 og fram til i dag. Datagrunnlaget baserer seg på over 500.000 svar frå ungdommar i ungdomsskulealder.

– Vi mata svara frå alle ungdommane inn i ei svær datamaskin, og bad ho om finne fritidsmønster. Vi bad ho om å analysere svara og finne ulike typar fritidsprofilar, sa Bakken.

Resultatet blei fem ulike fritidsprofilar: Dei som oftast er med vener, dei mest heimeorienterte, dei minst digitale, dei mest risikoorienterte og dei mest kulturelle.

Ulik livskvalitet

Bakken samanfatta alle profilane og gjekk mellom anna inn på kva gruppe som gjennomgåande opplever best livskvalitet.

– Vi ser at profilane vi har valt å kalle «Dei minst digitale» og «Dei som oftast er med venner» opplever høgast livskvalitet, sa han.

Gruppa med dei minst digitale utgjer 19 prosent av alle ungdommane. Dei er kjenneteikna av at dei brukar mykje tid på trening og organisert idrett og at dei i snitt brukar litt meir tid på lekser og lesing. I tillegg til at dei brukar mindre tid på skjerm enn snittet av jamaldringane sine.

Gruppa som oftast er med venner utgjer heile 33 prosent av ungdommane i rapporten. Dei er kjenneteikna av at dei brukar mykje tid med venner – både gjennom organisert aktivitet og elles. Dei brukar litt mindre tid enn gjennomsnittet på skjerm og dei er mykje mindre heime enn andre ungdommar.

Risikoorientert = lite lukkeleg

Heilt i andre enden av livskvalitetsskalaen finn vi profilen som har fått tilnamnet «Dei mest riskorienterte». Denne gruppa utgjer 13 prosent av ungdommane, og er kjenneteikna av at dei brukar tid med venner både fysisk og digitalt. I tillegg byrjar dei med rusmiddel tidlegare enn andre og dei byrjar òg tidlegare med å gå på fest og dessutan gjer dei fleire regelbrot enn dei andre gruppene og dei brukar mindre tid på skulearbeid.

– Denne gruppa er ikkje berre i faresona når det gjeld aktivitet. Dei er òg i faresona når det gjeld psykisk helse, sa Anders Bakken.

Powered by Labrador CMS