nyhende

Vigdartun.
Vigdartun.

Ungdom i Sveio har mest sansen for Ap og FrP

På valdagen 13. september hadde ungdomstrinnet på Sveio skule sitt eige val, der Ap kom best ut.

Publisert Sist oppdatert

Den lange tradisjonen med skuleval blei halden i hevd også i år.

– Det at elevane skal få stemma i eit val, er viktig med tanke på å vekka ei interesse for politikk. Når dei skal stemma, så må dei setja seg inn i kva dei politiske partia står for. Valet blir arrangert slik som det ekte valet. På den måten får elevane også læra korleis det er å stemma ved eit val, seier rådgjevar Sverre Halleraker.

Då stemmene var talt opp viste det seg at resultatet ikkje var så ulikt stemmegjevinga til dei vaksne i Sveio – med eitt unntak: Arbeidarpartiet fekk mykje høgare oppslutnad blant ungdomen.

Dei grøne partia SV, MDG og Venstre fekk ein oppsving i media i sommar, og blei i visse samanhengar framheva som eit førsteval for unge med omtanke for klima og miljø.

– Desse partia har fått uventa lite støtte frå ungdomen, det er forsåvidt i tråd med resultatet for skulevalet for vidaregåande skule og i Sveio, men eg hadde faktisk venta at ungdomane i mykje større grad hadde vist si støtte til partia som flagga miljø og klimasaka høgt, oppsummerer Halleraker.

Powered by Labrador CMS