nyhende
Ung sveibu imponerer på racerbanen
I helga deltok over 100 utøvarar i åtte ulike klassar under vestlandsmeisterskapet i gokart på Årabrot i Haugesund. Harald Nappen frå Valevåg var ein av dei, og han imponerte med køyringa si.
Du skal ha mykje fokus, men også interesse for å delta i racerløp. Harald er 14 år gamal, og har endeleg funne noko han brenn for. Spesielt er han glad for å ha foreldra Kari og Fred Helge Nappen med dersom noko ikkje går som det skal.
– Dei hjelper meg når det er noko gale med motoren eller karten. I motorsportverda har det seg slik at me aldri veit når det skjer feil, og då er det bra at me har gode folk som kan hjelpa oss. Nyleg trengte motoren ei overhaling etter at det skar seg under løpet i helga, seier Harald.
Glede og motivasjon
Nappen representerer NMK Haugaland under vestlandsmeisterskapet. Komande helg deltar han i fjerde løp i meisterskapet. For Harald er det viktig å få fram at miljøet i motorsporten er bra.
– Det er ingen ekskludering i dette miljøet. Eg føler at me alle er vener. Det er ingen som er betre eller dårlegare. Her er me alle like gode og me støttar kvarandre, seier Harald.
– Kva er det motorsporten gjev deg?
– Den gir glede,og motivasjon til å fortsetta med denne sportsgreina. På fritida brukar eg litt tid på å mekka motoren og gjera gokarten klar til trening og løp.
Håper på Fjord Motorpark i Sveio
Harald har køyrt gokart i litt over eit år og er fersk i miljøet. Han ønskjer at Fjord Motorpark skal etablera seg i Sveio slik at han kan satsa på bilsport.
– Eg synes det er ein viktig arena for ungdom som har lyst til å koma i eit godt miljø. Det vil gje eit godt omdømme for kommunen og for heile regionen.
Sveinung Zahl er ein av arrangørane av vestlandsmeisterskapet i Haugesund. Han meiner at det er mange flinke deltakarar, og foreldre, som har behov for å vera i eit miljø som kan ta dei litt bort frå alt stresset i kvardagen.
Byrjar å køyra når dei er 6-8 år
– Dei minste me har er klasse cadetti. Mange byrjar å køyra når dei er 6-8 år med mindre gokartar og motorar. Jo større dei er, jo større gokart køyrer dei, og sjølvsagt er motorane større. Dei eldste køyrer dei største gokartane med seks gir, seier Sveinung Zahl.
– Me har treningar og løp over heile Sør-Noreg. Neste helg er det aller siste runde og finale i vestlandsmesterskapet, og me har mange dyktige og flinke deltakarar, seier Zahl.
Ein av dei er altså Harald Nappen frå Sveio.