NPK-NTB: 11 prosent i Nord-Noreg har eit negativt inntrykk av samar. Det kjem fram i ein ny rapport om haldningar blant nordmenn til samar og nasjonale minoritetar.
I reelle tal betyr det at over 50.000 menneske i dei nordlegaste fylka har negative haldningar til samar.
Det kjem fram i haldningsundersøkinga til Noregs institusjon for menneskerettar (NIM).
Sametingsråd Runar Myrnes Balto (NRS) meiner undersøkinga viser at vi har eit stort haldningsproblem, spesielt i område der det tradisjonelt bur samar.
I undersøkinga kjem det også fram at 33 prosent i Nord-Noreg og 24 prosent i sørsamiske område har observert hatprat mot samar. Talet er 15 prosent nasjonalt.
– Regjeringa kan ikkje ignorere dette problemet. No har både NIM, Ytringsfridomskommisjonen og eit einstemmig Sameting teke til orde for ein eigen handlingsplan mot samehets og diskriminering av samar, seier sametingsråden.