nyhende
Underskot på 135 millionar kroner
Helse Fonna har fram til august i år heile 135 millionar kroner i underskot og set no i verk tiltak for å bremsa det. Året før var det enda verre.
Det går mot eit alvorleg underskot for Helse Fonna i år. Ved utgangen av august låg dei med 135 millionar kroner i underskot. Kommunikasjonssjef for Helse Fonna Magne Kydland fortel underskotet var større året før.
– Tilsvarande tal frå august 2022 var 153 millionar kroner i minus, skriv Kydland i ein epost.
Sparetiltak
Det er bra at underskotet har krympa, men innsparinga held fram understrekar han.
– Me har gått med minustal heile tida sidan pandemien, skriv Kydland.
I ei pressemelding fortel administrerande direktør Anders Hovland om eit styremøte kor dei kom fram til to tiltak for å stogga det store underskotet.
– Det vert tilsetjingsstopp for alt personell med unntak av dei fem klinikkane, seier Hovland i pressemeldinga.
Konkret inneber det at det ikkje vert ny-tilsetjingar innan HR, drift, økonomi, administrasjon, forsking eller kommunikasjon. Men, dei fem klinikkane som Helse Fonna driv vil framleis ha mogelegheit til å tilsetja nye.
Det andre tiltaket er at dei går inn for å redusera, eller stansa, bruk av innleigd personell og konsulentar. Styret håpar det vert eit mindre overforbruk i fjerde kvartal av året.
Fleire titals millionar i leigekostnadar
Kydland peiker på innleige som ein del av problemet.
– Kva har vore den største posten innan overforbruk?
– Personalkostnadar, inkludert innleige og overtid, skriv Kydland.
– Nyttar dykk mykje innleigde konsulenttenester?
– Nei, lite konsulenttenester. Det meste går på innleige, og då primært legar og spesialsjukepleiarar, svarar kommunikasjonssjefen på epost.
Tal frå Helse Fonna viser at innleige er ein stor utgiftspost. I 2022 fram til august kosta leige av legar 25,3 millionar kroner. Same periode i år har kosta 28,2 millionar kroner. Leige av sjukepleiarar i 2022 fram til august same år, kosta 59,9 millionar kroner. Same periode i år har det kosta 29,8 millionar kroner.
Administrerande direktør Hovland understrekar at ingen tilsette i Helse Fonna skal mista jobben som følgje av innsparinga. Vidare tiltak vert å jobba fram ein såkalla tiltakspakke som skal sikra økonomisk berekraft i åra framover.