nyhende
Ulykke på E39 i Sveio – trafikken blir dirigert forbi
(Siste: E39 er open for fri ferdsel etter ulykka.)
Klokka 8.18 laurdag melder Sør-Vest politidistrikt at det har vore ei trafikkulykke på E39 ved Bårvågsvatnet mellom Valestrand og Førde i Sveio.
Det skal vere to bilar involvert.
— Naudetatar er på veg, skriv Sør-Vest politidistrikt i ei melding på Twitter.
E39 stengt i begge retningar
110 SørVest melder at brannmannskap frå Førde brannstasjon rykker ut til hendinga.
Det skal vere glatt på staden.
E39 er stengt i begge retningar. Bilbergar er sendt til staden, ifølgje Vegtrafikksentralen.
— Ikkje alvorleg personskade
Klokka 8.33 melder politiet at det skal vere to personar involvert i hendinga.
— Begge er sjåførar i kvar sin bil. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, skriv politiet.
Klokka 8.58 melder politiet at ein person blir køyrd til legevakt for sjekk.
Politiet starta med å dirigere trafikken forbi ulykesstaden i eit køyrefelt, medan dei ventar på bilbergar.
Klokka 9.23 meldte Vegtrafikksentralen at E39 er open for fri ferdsel.