NPK-NTB: Ulovleg bruk av dronar rundt norske flyplassar er eit aukande problem for Avinor. Berre på Oslo lufthamn skjer det 50 gonger i månaden.
Det er ikkje lov å flyge med drone nærare enn fem kilometer frå lufthamner med mindre noko anna er avtalt. Avinor, som er den største eigaren av norske flyplassar, opplever at problemet med ulovleg flyging med drone rundt flyplassane er eit aukande problem, skriv NRK.
– Ulovleg droneflyging har ved fleire tilfelle forstyrra flytrafikken kraftig ved fleire av Avinors lufthamner, seier Mats Gjertsen, leiar for trafikkstyring og deteksjon av dronar i Avinor.
– I verste fall kan ein kollisjon mellom fly og drone føre til eit flyhavari. I Avinor ser vi svært alvorleg på dronebruk rundt lufthamnene, og vil politimelde alle saker der dronar utgjer ein fare for flytrafikken, seier Gjertsen.
Bøtene startar på 8.000 kroner og går oppover, alt etter alvorsgrada. Dersom ein flyplass må stengje fordi det er observert ein drone i området, kan det utløyse eit erstatningsansvar i millionklassen.
– Vi har ei oppfatning av at mange av dei som kjøper dronar til privat bruk ikkje kjenner godt nok til regelverket og vi reagerer på fleire måtar om vi får ei melding, seier Per Øyvind Haugen, politiinspektør i Politidirektoratet.
(©NPK)