nyhende

Ullen utvikling: – Ikkje bryet verdt

Berre dei siste fire åra er det blitt levert inn 600.000 kilo mindre saueull. Somme produsentar vel å kaste eller brenne ulla fordi sortering og innlevering ikkje svarar seg.

Publisert Sist oppdatert

Tre typar ull

Crossbredull: Utgjer 80 prosent av innlevert ull. Kjem frå langhala sauerasar som norsk kvit sau. Har berre botnull. Det betyr at ullfibra på heile kroppen er like lange. Ulla er mjuk, krusete og har god spenst. Ho er også lett å farge, og blir brukt til strikkegarn, pledd, møbelstoff og bunadsstoff. Om ulla blir for gul, må ho først bleikjast. Det reduserer bruksområda.

Spælsauull: Utgjer om lag 20 prosent av innlevert ull. Ulla har både botnull og dekkhår. Bunnulla er kort, mjuk og finfibra, medan dekkhåra er lange, grove og slitesterke. Blir brukt til brodergarn og strikkegarn. Dekkhåra er så slitesterk at Rauma til dømes har valt å byte ut nylon i sokkegarnet sitt med spælsauull.

Pelssauull: Pelssauen er rasen der ulltypen blir mest vektlagt i avlsarbeidet. Ulla består berre av dekkhår, er mjuk og glansfull og har god krøll og glans. Skinnfellar frå pelssau er veldig populært. Det betyr at det er svært lite pelsull i marknaden. Den eine prosenten som finst, blir brukt til strikkegarn.

Kjelde: Siv Heia Uldal/Animalia

– I løpet av åra har eg strikka med mykje ulikt garn, og alltid landa på at norsk ull eignar seg best. Ho er god å jobbe med, held forma og har fin elastisitet. Med tida er eg sjølvsagt også blitt meir medviten om alle miljøfordelane ved å bruke kortreist ull, men eg er framleis mest oppteken av kvalitet, fortel Ingvild Grane.

I hylla ved sida av ho på arbeidsrommet ligg det stablar med ferdigstrikka sokkepar side om side med garnnøste i ulike fargar. Det er gjerne her hobbybokforfattaren og influensaren frå Naustdal sit når ho utviklar og strikkar på det som skal bli til 30 nye sokkeoppskrifter i den neste strikkeboka hennar. Tidlegare har ho mellom anna gjeve ut bok med eigendesigna vottar. Arbeidet krev at Grane må teste oppskrifter og ofte strikke fleire par med same mønster. Då går det med ein del garn.

Med åra er Ingvild Grane blitt meir medviten om alle miljøfordelane ved å bruke kortreist ull, men ho er framleis mest oppteken av kvalitet.

Samla brukar ho kanskje 10-15 kilo ull i løpet av eit år.

– Sokkane og vottane hadde jo sett like ut uansett kva for ull eg hadde brukt, men når ein er inspirert av gamle norske mønster og nordiske strikketradisjonar, kjennest det meir naturleg å bruke norsk ull.

Tilgangen blir stadig mindre

I tillegg til at norske garnleverandørar er flinke til å lage freistande design, trur Grane det først og fremt er det store utvalet i garnkvalitet, tjukkleik og fargar som er grunnen til at den norske ulla har fått ein mykje sterkare posisjon dei siste åra.

Det er difor eit stort paradoks at tilgangen på norsk ull har blitt stadig mindre i løpet av den same tida. Ifølgje Animalia har norske sauebønder berre dei siste fire åra levert inn 615.000 kilo mindre ull.

I fjor vart det levert inn i underkant av 3.000 tonn på dei elleve ullstasjonane rundt om i landet. Og sjølv om Noreg er eitt av landa i verda som kastar minst ull, blir likevel rundt 10 prosent av ulla frå norske sauer destruert kvart einaste år.

– Treng meir

Erling Digernes er ein av mange som er bekymra over utviklinga. Han eig Rauma Ullvarefabrikk inst i Romsdalsfjorden, som i snart hundre år har spesialisert seg på nettopp garn spunne av norsk ull:

– Me kjøper i overkant av 200 tonn norsk ull i året, og ville kjøpt meir, viss det var meir tilgjengeleg av ulla me treng.

Kvit ull er generelt betre betalt enn pigmentert ull, på same måten som førsteklasses ull er betre betalt enn andresortering. Samla er det 16 ullklassar, og 11 av dei gir tilskot.

– Sjølv om totalvolumet på norsk ull framleis er større enn det me i industrien forbrukar, er det likevel ikkje nok av høgkvalitetsulla med industriell verdi. Me får rett og slett ikkje tak i nok av den finaste sorteringa av lammeull.

Digernes siktar til den mest etterspurde ullklassen, såkalla C1-kvalitet frå kvite crossbredrasar. I fjor utgjorde denne ulla berre 28 prosent av det totale volumet av ulla som vart levert inn.

– Høgkvalitetsull byrjar verkeleg å bli ein knapp ressurs, og viss nedgangen held fram, er det stor fare for at vi må byrje å importere ull. Og det synest eg ville vera eit nederlag. Me har ein sterk tradisjon for sauehald i Noreg, og gjennom generasjonar avla fram ein veldig god ullkvalitet som er fullt konkurransedyktig.

Saueklipparen

I eit fjøs eit par hundre mil unna, manglar det i alle fall ikkje på ull. Bortsett frå den låge duren frå ei klippemaskin er det påfallande stille, her Jakob Witt frå Vetlefjorden i Sogn står krokbøygd over ein gammalnorsk spælsau. Witt har den eine armen godt plassert rundt bringa på søya, som sit halvvegs oppreist inntil beina hans med føtene i vêret.

Dei fleste Jakob Witt klipper hjå, tek ikkje vare på ulla. Og kvifor skal dei det, når det krev meir logistikk og er så dårleg betalt? spør han.

Med den andre handa fører Witt maskina rutinert over bakenden til sauen. For kvart raske drag nærast glir ulla av og gjer det krøllete teppet på fjøsgolvet lengre og større. Det er først når Witt lausnar grepet, og bonde Reidar Kaabbel kjem med riva og dreg til seg ullhaugen, at den nakne søya rykker til og sprett opp på føtene att.

Fire svære sekkar med ull, har Kaabbel raka opp så langt, og enno står fleire titals sauer att for tur. Samla har ordføraren i Våler i Østfold rundt 150 vinterfôra dyr. I tillegg til spælsauene som blir klypte denne ettermiddagen, fôrar han på både pelssau og dalasau. Dyra blir først og fremst nytta til kulturlandskapspleie på gamle husdyrbeite, og dernest til kjøtproduksjon.

Ulla går til hageglade

Nokon ullprodusent er Kaabbel derimot ikkje.

All ull frå spælsauen og pelssauen blir nærast gitt bort til hageglade som nyttar ulla som dekke. Berre ulla frå dalasauen blir sortert og sendt vidare til eit spinneri.

– Eg leverte meir ull før, men det er så dårleg betalt at det ikkje svarar seg. Ein burde jo fått såpass att at eg kan betale Jakob for klippinga, seier Kaabbel, medan han stappar fleire ullflak nedi ein ny sekk.

Bonde Reidar Kaabbel sel digre sekkar med ull for ein hundrelapp til hageglade. Slik slepp han i det minste å kaste ho.

– Det er dumt at det er slik, ulla er jo ein kjemperessurs. Men skulle eg ha levert, måtte eg hatt ein heilt annan logistikk i fjøset, som er både gammalt og tungvint. Det ville kravd investeringar. I tillegg måtte eg betalt ein person ekstra for å sortere ulla under klippinga. Med det ein får att for ulla i dag, er det ikkje bryet verdt.

Kjøt vs. ull

Jakob Witt nikkar medan han fører klipparen over vomma på ei ny søye. Witt er veterinærstudent på femte året og har klipt sauer på si sidan han starta studia. Dei fleste han klipper hjå, tek ikkje vare på ulla. Og kvifor skal dei det, når det krev meir logistikk og er så dårleg betalt, spør han. Mange lét ulla rotne i store haugar eller brenn ho, men sjølv det er jo eit tapsprosjekt, fordi det krev arbeid og transport, forklarar Witt.

Han meiner heller ikkje det burde kome som noko overrasking at det jamt over blir produsert for lite ull av den finaste kvaliteten.

Jakob Witt i gang med klippen på ein gammalnorsk spælsau. Dei fleste bøndene han klipper hjå, lét ulla rotne eller brenn ho.

– Viss du må velje mellom å avle på sau med god kjøtkvalitet eller sau med god ullkvalitet, kvifor skal du avle på god ullkvalitet, når det ikkje betalar seg? Ullproduksjon er ein tradisjon me burde ta vare på. Men då må også bøndene få betalt for kva det kostar, seier han, og slepper endå ei ferdigklipt søye frå seg.

Ho smett raskt bort til dei andre nybarberte som har samla seg ved haugen med høy, medan Reidar Kaabbel opnar grinda til bingen og går for å hente ei ny søye:

– Ja, marknaden betalar ikkje det ulla er verdt, og prisinga på ull blir heller ikkje løfta. Sauehald er ikkje særleg lønsamt i utgangspunktet. Ullpolitikken kjem jo berre i tillegg til alt anna, konstaterer Kaabbel.

Feilslått strategi

Totalt utgjer den årlege støtta til ull rundt 100 millionar kroner. I år får bøndene frå null til 68 kroner per kilo ull, avhengig av type og kvalitet. Kvit ull er generelt betre betalt enn pigmentert ull, på same måten som førsteklasses ull er betre betalt enn andresortering.

Ulla blir klassifisert etter Norsk ullstandard, som har 16 klassar. Dei skil mellom kvit og pigmentert ull, og kvaliteten på ulla. I 2016 vart tilskota til dei fem dårlegaste klassane fjerna, og tilskota til resten auka noko, fortel Siv Heia Uldal i Animalia og Fagtenesta for ull.

Klippinga er først og fremst ei naudsynt utgift.

– Målet var å få meir av den mest ettertrakta ulla. Det slo ikkje til, for samstundes var det ein auke i interessa for pigmenterte spælsaurasar. Det hang i sin tur truleg saman med at det vart innført tilskot til bevaringsverdige rasar som gammalnorsk spælsau. Så me fekk ikkje meir av den attraktive, kvite ulla.

Ifølgje Uldal handlar nedgangen i innlevert ull ikkje minst om at talet på både sauebruk og vinterfôra søyer fell år for år.

I dag utgjer den kvite crossbredulla 80 prosent av innlevert ull, medan spælsauull utgjer 20 prosent. Halvparten av fjorårets innleverte ull var førstesorterings fellull.

Den mest etterspurde ullklassen, C1-kvaliteten frå haustklipte, kvite crossbredrasar som Digernes på Rauma-fabrikken helst vil ha, utgjorde berre rundt 900 tonn av totalvolumet på 3000 tonn.

Brenn opp

Sko, bunadsstoff, oppvarmingspellets og klede – ull har mange bruksområde. Likevel blir berre 1/3 av all innlevert ull seld til den norske industrien. Dei kjøper først og fremst høgkvalitetsulla.

Resten, såkalla fråsortert ull (kort og ofte skitten ull frå lår, buk og hale), går hovudsakleg ut av landet der det blir brukt til mindre edle produkt som ryer og teppe. Samstundes reknar ein altså med at rundt 10 prosent av all norsk ull blir regelrett kasta.

Bonde Reidar Kaabbel meiner ulla er ein viktig ressurs og synest det er trist at økonomien i ho ikkje er betre.

Kunnskapen kjem mellom anna frå ei undersøking Animalia gjennomførte blant 800 sauebønder for tre år sidan, fortel Uldal. Svara viste at rundt 90 prosent av all ull blir levert inn, og all kvit ull blir levert. Ulla som ikkje blir levert, er frå villsau og noko frå gammalnorsk spælsau. Den blir anten brukt til jordforbetring og som plantedekke, levert til mikrospinneri – eller brunne opp.

– Me treng meir førstesortering norsk ull, spesielt crossbredull. Bønder som ønskjer å tene pengar på ulla bør difor ikkje satse på pigmenterte spælsaurasar, og den innleverte ulla må vere av god kvalitet, påpeiker Uldal.

– På den andre sida er det også svært viktig å ta vare på dei pigmenterte spælsaurasane, som er dei eldste norske sauerasane våre og nasjonale genressursar. Det blir difor også jobba aktivt for å finne fleire lønnsame bruksområde for all ull, ikkje berre førstesorteringane.

Økonomi nøkkelen

Rauma-fabrikken ved Romsdalsfjorden er blant dei som har funne nye bruksområde. Nyleg bytte dei ut nylonet i sokkegarnet sitt med garn frå dei grove og slitesterke dekkhåra på spælsauen. Det er likevel ikkje dette som er løysinga på ullproblemet, meiner fabrikkeigar Erling Digernes:

– Nøkkelen er å betre økonomien til bonden. Kostnadene ved sauehald er mykje høgare enn marknadsprisen på produktet, og differansen blir i dag subsidiert. Eg meiner bøndene bør få eit øyremerkt tilskot som monnar. Målsetjinga bør vere eit ulltilskot på same nivå som i 1990. For om ein justerer for pengeverdien, er tilskotet meir enn halvert sidan 1990.

Rauma Ullvarefabrikk har i snart hundre år har spesialisert seg på garn spunne av norsk ull: – Me kjøper i overkant av 200 tonn norsk ull i året, og ville kjøpt meir, viss det var meir av ulla me treng tilgjengeleg, seier eigar Erling Digernes.

At me får både ull og kjøt av eit dyr som livnærer seg på utmarksbeite heile sommaren, og som ikkje konkurrerer om dyrka mark-areal, men i staden heldt kulturlandskap ope, er ganske unikt for Noreg, påpeiker han.

– Ein ting er at det er lite førstesorteringsull å få tak i, men å sjå kor raskt totalmengda av ull har gått ned på få år, gir endå større grunn til bekymring. Det er ei svært urovekkjande utvikling som det hastar å snu, seier garnsjefen.

– Bruken av norsk ull er ein stor del av identiteten vår. Me har ei heilnorsk verdikjede som det ville vera utruleg dumt om går tapt fordi me øydelegg grunnlaget for å få tak i råstoffet. Og der, der er det økonomien til bonden som er nøkkelen.

Den norske ullordninga vart innført tidleg på 1950-talet. Totalt utgjer den årlege støtta til ull rundt 100 millionar kroner. I år får bøndene frå null til 68 kroner i støtte per kilo ull, avhengig av type og kvalitet.
Powered by Labrador CMS