nyhende
Uheldig bilist sklei av vegen
Ein personbil køyrde onsdag ettermiddag av vegen på fylkesveg 47, like ved den sørlege avkøyringa til Sveio sentrum.
Sjåføren, ei unge kvinne, fortel til Vestavind at bilen hennar plutseleg mista veggrepet, og sklei av vegen ved 15-tida onsdag.
Ho var åleine i bilen.
Hendinga skjedde på fylkesveg 47/Tittelsnesvegen, cirka 50 meter nord for avkøyringa til fylkesveg 541 Tjernagelvegen, der ein kan ta av for å kome til Sveio sentrum sørfrå.
Bilen såg ikkje ut til å fått større skadar, men stod godt fast.
Annonse
Den uheldige sjåføren fortel at mange stansa for å hjelpe til, noko ho sette pris på. Mellom anna var det ein eldre kar som sytte for å få satt opp varseltrekant for ho.
Ved 15.30-tida var bilberging rekvirert.