nyhende

ILLUSTRASJON: LARS SLETTEBØ
ILLUSTRASJON: LARS SLETTEBØ

«Tysværselskap» – kor i all verda kjem uttrykket frå?

Mange kjenner uttrykket «tysværselskap», som beskriv når eit selskap deler seg i to etter kjønn. Men, veit du kvar det kjem frå, og når det oppsto? Bli med på eit dykk etter svar i det haugalandske folkeminnet.

Publisert Sist oppdatert

— Det er jo ein spennande ting å grave i, for det er eit kjend omgrep, utan at vi veit kor det kjem i frå, seier Grethe Paulsen Vie.

Ho kom sjølv frå Ålesund til Haugesund i 2001 og høyrde det for første gong i ein samankomst.

Mange har vore intervjua om spor etter uttrykket sitt opphav, og grupper på Facebook dedikert til alle ting som er haugalandsk har vore konsultert.

Svara er tydelege, det handlar om kjønn. Men kor, og når, kjem det frå?

«Alltid» vore i bruk

— Det må vere av eldre dato. Frå den tid Tysvær og Nedstrand var eigne kommunar, seier Dagfinn Silgjerd.

Som leiar i lokalhistorielaget på Nedstrand har han høyrt rundt, men har dessverre ikkje svar på gåta.

I likskap med Vie har han gått til det som for mange er kjelda av visdom, svigerforeldre.

— Min svigermor, som var fødd i 1933, var frå gamle Tysvær kommune. Ho både brukte og kjende dette utrykket godt, seier Silgjerd.

— Eg snakka med svigerfar, som er fødd i 1937. Han minnast at det alltid har vore i bruk, seier Vie.

Men dei veit ikkje når det har oppstått.

Eg snakka med svigerfar, som er fødd i 1937. Han minnast at det alltid har vore i bruk

På ei Facebook-gruppe seier ei kvinne at ho hugsar dei brukte det på 1950-talet.

Ei anna mogelegheit for svar er Nasjonalbiblioteket. Dei har eit digitalisert arkiv av avisar som går bak til 1763, då Noreg framleis var dansk.

Det første treffet der er frå 30. mars i 1994, i Haugesunds Avis. I ein reportasje om ein familierestaurant fortel restauranteigaren om korleis kvinner og menn sit kvar for seg ved samlingar.

Så tikkar det inn ein melding frå Tore Birger Langelandsvik Erland, lokalhistorikar.

Den 12. desember i 1991 skreiv Tysvær bygdeblad om nokre pensjonistar som kosa seg i Hydro si kantine. Då kunne dei melde at det ikkje vart eit Tysvær-selskap.

Fiffen eller faderen?

Her kjem undersøkinga til eit vegskil, grunna fleire teoriar om korleis det oppstod. Teoriane deler seg – naturlegvis – i to grupper. Ikkje kvinner og menn, men kristendomen eller borgarskapet.

Me kan byrja i kultursoga frå Bokn, på 1800-talet.

— Prestane samanlikna Tysvær og Bokn, og dei skreiv at Tysvær var mykje flinkare å halde liv i kristne tradisjonar, seier Birger Lindanger.

Han er faghistorikar og viser til kvifor sterk tru blant tysværbuane kan ha vore opphavet. Før i tida var kyrkja kjønnsdelt, og Lindanger humrar litt når han kjem med eit forklarande eksempel.

— Kvinnene sat på nordsida og mennene sørsida. Tradisjonelt sett budde jotnar og slikt i nord. Mennene sat på sørsida, som var nærmare paradis, seier Lindanger.

Han fortel at skilde kjønn også gjaldt for møter. Mogelegvis kan Tysvær ha vore ekstra flinke og difor lagt merke til av utanforståande.

— Det kan ha røter i dette, seier Lindanger.

— Kan du nokon uttrykk om Sveio?

— Det tør eg ikkje sei til deg, ler han.

Grethe Paulsen Vie trekk også fram religion. Ho understrekar at det berre vert høgtflygande spekulasjon frå hennar side, men seier at om ein skal sjå etter kjønnsdelte samlingar, er kyrkja før i tida eit godt sted.

Mens foreininga gjekk sin gong i stova, samla karane seg på kjøkenet for å venta med ein kopp kaffi og litt attåt.

Noko anna som også peiker på religion er denne historia om misjonsforeiningar.

— Når det var langt mellom husa måtte husbonden gje skyss til madamma med hest og vogn. Mens foreininga gjekk sin gong i stova, samla karane seg på kjøkenet for å venta med ein kopp kaffi og litt attåt, seier Silgjerd.

Borgarskapet

Den meir sekulære teorien omhandlar borgarskapet, deira kjærleik for landstadar, og harselering med naboar.

Haugesund var eit område med fleire skipsreiarar, og mange av desse hadde landstadar utanfor byen, til dømes i Tysvær. Seint på 1800 og tidleg 1900-talet praktiserte også borgarskapet ein deling av kjønna i fleire sosiale samlingar.

— Etter at dei hadde spist, samla kvinnene seg i eit rom, mens menn røykte sigar i eit anna rom, seier Vie.

Har uttrykket sitt opphav frå spøkefulle stundar i borgarleg sigar-røyk? Viss ja, det kan ha soge ned frå borgarskap til middelklassen etter kvart. Men kvifor det då heiter Tysvær-selskap når det har hendt i Haugesund eller med folk der i frå, får Vie ikkje til å gje meining.

Heldigvis finnast det ein hjelpsam tysværbu med ein god teori.

— Dei har enten observert at tysværbuar hadde det slik i sine samlingar, eller at dei gjorde slik sjølv når dei skulle slappe godt av på landet, og då blei det slik at herrane og damene sat kvar for seg, seier Kirsten Synnøve Rolland.

Ho har snakka med fleire om det gåtefulle opphavet, og meiner svaret ligg litt lengre fram i tid på slutten av 40-talet. Då fekk mange fleire frå Haugesund landstader i Tysvær.

Då som no gjorde ein ofte narr av nabobygder, og kanskje det heile starta som ein samanliknande spøk. Det trur Lindanger kan vere ein forklaring.

— Ein finner harselering med nabobygder overalt, det er ikkje unikt for Tysvær. Men Tysvær har fått gjennomgå ekstra mykje, seier han.

Kirsten Synnøve Rolland veit i kvart fall med sikkerheit at det har vore i bruk frå 1950-talet. Ho trur det sannsynlegvis kjem frå spøkefulle haugesundarar med landstadar i Tysvær.

Ein gong må ha vore den første

Rolland har ikkje meir å si om fortida, men ho har mogelegvis noko om framtida.

— Det nyaste eg har fått vite er at det vart brukt i ein sosial samling om å berre snakka med dei ein kjenner frå før, seier Rolland.

Denne historia var frå ei kvinne som nyleg høyrte uttrykket for første gong.

Held uttrykket på å utvikle seg?

Sjølv om Rolland har funne ut mykje, kjem ho truleg aldri til å bruke det sjølv.

— Kva synast du sjølv om uttrykket?

— Eg følar det er litt nedlatande, men det spørst jo kva tonefall det vert sagt i. Det er jo noko som skjer naturleg mange plassar, seier ho.

Dessverre vart det ikkje eit definitivt svar å finna på kvar og når uttrykket kjem i frå.

Powered by Labrador CMS