nyhende
Tysdag ringer kanskje ein konfirmant på døra di
50 konfirmantar kjem tysdag ettermiddag til å ringje på dører i Sveio for å samle inn pengar til Kyrkjas Naudhjelp sin fasteaksjon. Pengane går til folk som treng reint vatn.
Det er Kyrkjas Naudhjelp som står bak den årlege fasteaksjonen, som i fleire år har vore den nest største innsamlingsaksjonen i Noreg. Målet er å samle inn mist 30 millionar kroner.
Etter to års pause, grunna koronapandemien, er sokneprest Arild Steinsland glad for at årets konfirmantar får høve til å bidra med å gå frå dør til dør med bøsser igjen.
— I Sveio plar me å samle inn mellom 50.000 og 60.000 kroner, fortel sokneprest Arild Steinsland.
Reint vatn
Fokuslandet for årets fasteaksjon er Malawi. Tidlegare i år vart landet råka av flaum, og Kyrkjas Naudhjelp var til stades med krisehjelp. I tillegg jobbar organisasjonen, som fyller 75 år i år. med langsiktig bistandsarbeidet i landet, mellom anne gjennom klimatilpassa jordbruk gjennom vatning via dryppsystem.
40 i Sveio – 10 i Førde
Det er først og fremst i Sveio sokn, og dei mest folkerike områda der, som får besøk. Det er om lag 50 konfirmantar i kommunen og 40 av desse tilhøyrar Sveio sokn. Andre som ønskjer å gi kan nytte seg av Vipps.
— I Førde er det berre 10 konfirmantar i år, og der er soknerådet oppmoda til å gå med bøsse. Og det kan godt hende at eg må med meg bøssa eg også, noko eg i så fall gjer med glede, seier han.