nyhende
Typisk haustvêr i vente
Når vinden har løya, ser det ikkje helga så aller verst ut på på Haugalandet. Men skal du til fjells kan det vera lurt å ha på vinterdekk.
– Det er typisk haustvêr, seier vakthavande meteorolog Eldbjørg Moxnes til NTB på spørsmål om kva slags vêr vi har i vente.
Sjølv om vi for lengst har vinka farvel til sommaren, er det med unntak av høgfjellet og Nord-Noreg framleis for tidleg å snakke om at Kong Vinter er på veg. Men for dei aller fleste kan det vere lurt å ha vinterdekka til bilen lett tilgjengeleg.
Vinterdekk på fjellovergangane
– I Nord-Noreg er eit allereie vinterlege forhold, så der kjem ein ikkje så langt utan vinterdekk no, seier Moxnes.
– I Sør-Noreg kan det godt hende ein klarer seg dersom ein skal halde seg i låglandet, men på fjellovergangane må du ha vinterdekk, seier meteorologen vidare.
Den siste veka har fleire på Austlandet opplevd nattefrost, noko som også kan skje den kommande veka. Så dersom ein vil vere sikker på å kunne køyre heile tida, er det på tide å finne fram vinterdekka.
Gråvêrsdag i heile Sør-Noreg
Etter at det dei siste dagane har vore mykje vêr mange stader, roar det seg litt ned frå torsdag. Fram til helga er det rett nok venta ein del byevêr på Vestlandet, medan det blir fint på Austlandet.
I Nord-Noreg er det ein kald vêrtype og byevêr som gjeld. Heilt ut mot kysten er det venta sludd og regn, men elles er det stort sett snøbyer i nord. I Nordland, der snøgrensa vil liggje på 500 til 800 meter, blir det litt mildare framover – medan det i Troms og Finnmark blir ganske vinterleg, ifølgje meteorologen.
Fredag er det venta ein gråvêrsdag i heile Sør-Noreg, med ei snøgrense på rundt 1000 meter i fjellet.
Austlandet blir vêrvinnaren i helga
Når vi kjem til helga, er det Austlandet som blir vêrvinnaren
– Austlandet ser ut til å liggje i le og får nok ei ganske fin helg, men det vil bli litt kaldare, seier Moxnes.
Ho fortel at temperaturane vil liggje mellom 8 til 10 grader på dagtid, medan det kan bli nattefrost og 2 til 5 plussgrader på natta, litt avhengig av skydekket.
– Om det blir klarvêr, blir det fort fem, seks grader kaldare enn om det er skyer.
Kaldt og periodar med byger
Ifølgje meteorologen blir det i helga ein del bygevêr over Nordvestlandet og spreidde byer i Nord-Noreg.
– Det blir ikkje så mykje nedbør på Vestlandet sør for Stad. Det kan hende det blir noko på laurdagen, men mindre på søndagen, seier Moxnes.
I nord er det venta pålandsvind gjennom helga. Moxnes seier det framleis vil bli kaldt og periodar med byer.
– Det blir ikkje store mengder med nedbør, men det som kjem, kjem fort som sludd eller snø. Dette gjeld ikkje i Trøndelag, der det blir meir regn og regnbyer. Her er det venta temperaturar mellom 5 og 8 grader og sludd og snø i høgda, seier meteorologen.