nyhende
– Tvers gjennom heldig som bur i Valestrand
Alle har ei meining om bading, enten ein likar det eller ikkje. Men kor er det best å bada, og er ferskvatn betre enn saltvatn? Me tek debatten og har spurt fleire sveibuar.
Sumaren har komen, og det same har sesongen kor du går berrføtt gjennom mudder, sand og steinar for å nå vatnet. Dei fleste er samde i at bading er kjekt, men usemja herskar rundt detaljane. I ein vakker kommune som Sveio som er omringa av sjø på tre sider, og har veldig mange flotte vatn å bada i, kva er best? Og kvifor?
Me har teke eit djupdykk i bade-debatten og kvar veke kjem nye svar på følgjande spørsmål:
Agnes Ravatn (41), Valestrand
– Kva er best å bada i av ferskvatn eller saltvatn? Og kvifor?
– Eg badar i begge deler, men hjartet mitt seier nok ferskvatn. Noko mannen min synest er heilt patetisk, så dette spørsmålet er dessverre opphav til hyppig ekteskapleg konflikt. Eg har eit anstrengt forhold til brennmanet, og eksponeringsterapi har så langt ikkje hatt effekt.
– Kvar er den beste badeplassen i kommunen?
– Eg kjenner meg tvers gjennom heldig som bur i Valestrand, med alle dei flotte badeplassane me har her. Holsvika og Leirvåg er perfekte for både bading og fiske. Den aller beste plassen held eg for meg sjølv.
– Ville du ha bada i sjø/vatn kvar dag i eit år (også når det er kaldt), eller berre få dusja annakvar veke?
– Her må eg nok gå for daglege bad, men då helst i kombinasjon med badstu!