nyhende

Tverrpolitisk samling på to hjul

– Dette var gøy! Det skal godt gjerast at me får oppleva noko som kjekkare enn dette i løpet av valkampen, sa ein strålande opplagt fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i ein pause under motorsykkelturen gjennom Sveio laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Men nordhordlendingen Askeland, som er fylkesordførar i Vestland, var ikkje berre opptatt av å ha det gøy.

– På denne måten er samferdsel sett på kartet som ei viktig valkampsak i Sveio. Eg reiser herfrå  med auka medvit om at det er ytterst nødvendig å gjera noko med fylkesvegnettet her, seier Askeland.

Han viser til fleire eksempel som har gjort inntrykk på han. Det gjeld Fv. 541 på Åse, der vegen snor seg mellom bustadhusa og parti på Øklandsvegen både nord for Rød og i svingen like før krysset mellom Øklandsvegen og E39. Vidare har han merka seg parti med langsgåande nedsig på grunn av manglande fundamentering. Slike parti skaper særskilte vanskar for motorsyklistar. Smale vegar og knausar som stikk ut og gjer svingane uoversiktlege, var det også nok av langs køyreruta.

Inviterte til samarbeid

– Dette er typisk for vestlandsvegar som blei bygt på pliktarbeid i 1930-åra, seier fylkesordføraren. Han legg til at inntrykka vil bli formidla vidare.

Når det gjeld Fv. 541 mellom Grimstveit og Sveio sentrum minner han om at denne strekninga alt ligg inne i fylkeskommunen sine planar. Han understrekar kor viktig det er å få gjennomført dette prosjektet på grunn av den store trafikkauken som er venta når fiskerihamna på Bømlo opnar.

– Her kan eg berre invitera det nye kommunestyret til samarbeid etter valet. Kommunestyret må samla seg om eit reguleringsvedtak for området før det kan skje noko meir. Generelt er det også slik at kommunen må gjera gode prioriteringar, så vil me følgja desse.

Askeland er også glad for det han såg av det han kallar flikking og asfaltering av korte parti.

– Dette er oppgåver som me har delegert til administrasjonen. Det er godt å sjå at dei blir gjennomførte, seier han.

Tverrpolitisk samling

Det var KrF-politikar og ordførarkandidat Jarle Jacobsen som i eit lesarinnlegg i vår sette søkelys på dårleg vegstandard og manglande vedlikehald. I dette innlegget inviterte han fylkesordførar Jon Askeland på motorsykkeltur for å visa han korleis det står til på Sveio-vegane. Askeland tok utfordringa, og laurdag stilte han altså som passasjer på KrF-politikaren sin gule Ducati. Etterpå takka han hjarteleg både for initiativet og for god guiding under vegs.

På førehand var turen gjort godt kjent, og etter kvart hadde politikarar frå fleire parti signalisert at dei også ville vera med. Rune Teikari (Frp) og Asle Halleraker (Tverrpolitisk Felleslisteliste) stilte med eigne syklar.

Det gjorde også John Håkon Næss frå Venstre, og ordførerkandidat Ruth Vihovde Strand var eksosrype. Ordførar Linn Therese Erve (Ap), Monica Valen (Sp) og Anne Vierdal (KrF)  var også mellom eksosrypene denne dagen. Høgre følgde etter i bubil.

Køyreturen fekk dermed eit tverrpolitisk preg og blei ein del av valkampopninga i Sveio. Dessutan slutta motorsyklistar frå heile Haugalandet  opp om markeringa, mellom desse to representantar for Norsk Motorcykkel Union  (NMCU) si avdeling Hordaland.

Meir sårbare enn bilistar

Nestleiar Frode Røynesdal var med på heile køyreturen, og merka seg stort sett det same som fylkesordføraren. Dessutan legg han til at det står dårleg til med kantslått langs fylkesvegane i Sveio. Vegetasjonen strekkjer seg mange stader inn over vegbana og representerer eit problem for alle trafikantar.

– NMCU er ein interesseorganisasjon for alle vegfarande motorsyklistar i landet. Organisasjonen arbeider for trykkleik, men også for fjerning av unødvendige restriksjonar, seier krinsleiar Sissel Stuberg.

Som motorsyklistar er meir sårbare enn bilistar. Det gjeld ikkje minst på slike vegar der det er dårleg sikt og umogleg å passera kvarandre mange stader, seier Stuberg.

Køyreruta

Turen starta i Sveio sentrum og gjekk via Tjernagelvegen (Fv. 541) til Bua og Tjernagel, vidare via Øklandsvegen gjennom Auklandshamn til Rød og derfrå til Ekrene via E39 og Fv. 47. På Ekrene blei det ein halvtimes stopp før siste etappe via Mølstrevåg og Eltravåg til Buavåg.

– Opphavleg var det også meininga å kjøra frå Rød til Førde og vidare langs Ålfjordvegen mot Ekrene. Denne siste delen blei droppa av omsyn til tida, forklarar Jacobsen.

Powered by Labrador CMS