nyhende

Turistar på Vestlandet må inntil vidare stole på dei digitale karta. Skilta langs vegen kan vere feil. Biletet er frå riksveg 13, som framleis er riksveg 13, i Øystese i Kvam. Foto: Marianne Løvland / NTB / NPK
Turistar på Vestlandet må inntil vidare stole på dei digitale karta. Skilta langs vegen kan vere feil. Biletet er frå riksveg 13, som framleis er riksveg 13, i Øystese i Kvam.

Tusenvis av vegskilt på Vestlandet har feil nummer

Tusenvis av norske vegkilometer er skilta med feil nummer. Problemet skal vere størst på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Ein rundtur i gamle Hordaland kan bli eit forvirrande mareritt om ein ikkje er lokalkjent. Her er det totalt 850 skilt som viser feil nummer, melder NRK.

Vegnummera er korrekte digitalt, men ikkje på alle skilt langs vegen.

Bakgrunnen er at 3.700 kilometer veg fekk nye vegnummer då Sogn og Fjordane og Hordaland vart slått saman frå 2020. I dag er 1.037 av desse kilometrane skilta med feil nummer.

John Martin Jacobsen, seksjonsleiar i seksjon for forvaltning, utgreiing og geodata i Vestland fylkeskommune, seier til NRK at alle avvika er kartlagde og at dei arbeider kontinuerleg med å skifte ut dei fysiske skilta, men at dette ikkje er ei oppgåve som blir prioritert høgast.

– Halvparten av desse skilta er enkle nummerplater som berre skal bytast eller bli fjerna. Den andre halvparten krev andre endringar av skiltet samtidig, seier han.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS