nyhende
Tusenvis av skademeldingar etter Amy til no
Forsikringsselskapa blir ringde ned etter ekstremvêret Amy. Måndag ettermiddag hadde Tryg, If, Fremtind og Gjensidige fått mange tusen skademeldingar.
Det skriv Aftenposten.
Tryg Forsikring har måndag ettermiddag fått inn 1.667 skademeldingar.
– Vi ventar at det vil komma fleire skademeldingar utover veka som følgje av straumbrota, seier Torbjørn Brandeggen til avisa.
Fremtind har så langt fått 1.300 skademeldingar. Dei reknar med at det kjem fleire etter kvart.
– Fleire vil nok melda frå når stormen har roa seg, seier pressekontakt Therese Hofstad-Nielsen.
– Sjekk hytta så fort som råd!
Frende forsikring opplyser måndag ettermiddag at dei har fått 600 skademeldingar.
Blant dei 600 skademeldingane Frende har fått inn til no, gjeld 40 skadar på fritidsbåt og 80 på bil, medan dei langt fleste er bygningsskadar, opplyser selskapet i ei pressemelding.
– Det er garantert mange skadar som ikkje er oppdaga enno, seier kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen.
Ho oppmodar folk om å sjekka hytter, båt og naust for skadar så fort som råd.
– Uvant med mykje vatn og vind samtidig
Gjensidige hadde måndag formiddag fått 2500 skademeldingar, men talet aukar stadig.
– Det har vore ein uvand cocktail med mykje vatn og vind samtidig. Vi har hatt større hendingar på kvar av faktorane, men no er det eit samansurium av begge. Det gjer det meir krevjande, seier kommunikasjonssjef Bjarne Aani Rysstad i Gjensidige til NTB.
Dei fleste skadane som er melde inn fram til måndag formiddag, dreier seg om vass- og vindskadar. Dei fleste gjeld skadar på bygningar, men det er òg meldt inn fleire skadar på bilar, båtar og på campingplassar.
– Trykket held fram, og tala aukar kontinuerleg, seier Rysstad.
Ei stor hending
Det er for tidleg å seia noko om kostnadene.
– Vi er midt oppi det med kontakt med kundar og takstfolk som er ute og synfer og anslår kostnadene, seier han.
Rysstad ventar mange fleire skademeldingar dei neste dagane og understrekar at det ikkje er nokon tvil om at dette er ei stor hending.
– Det er for tidleg å seia kor denne hendinga hamnar på lista, men dette er ei veldig stor og alvorleg hending, seier han.
Åtvarar mot å rydda opp sjølv
Fleire tre har velta i uvêret, men Statsforvaltaren åtvarar mot å starta oppryddingsarbeidet sjølv.
– Vindfelte tre, kanskje òg med rotvelt, kan vera ei farleg felle på grunn av store spenningar i stammen og rota. Dette er spesielt farleg ryddearbeid og bør ikkje gjerast av personar utan erfaring og kunnskap, står det i ei pressemelding frå Statsforvaltaren.
Arbeidet bør gjerast av profesjonelle skogentreprenørar og andre med fagkunnskap.
– Til og med om du berre skal fjerne eitt enkelt velta tre i nabolaget, bør du be om hjelp frå folk med erfaring, står det.