nyhende
Turorientering med usynlege postar
Sveio o-lag er klar med nær 100 nye postar til påske. Ti av desse er usynlege, fortel leiar Thomas Førde i o-laget. Han er spent på korleis dette vil fungera i praksis.
– Påska kjem tidleg i år, men Sveio o-lag er likevel i rute, seier Thomas Førde, som gir ei detaljert orientering om årets opplegg.
Usynlege postar
På eitt av dei sju karta, som denne sesongen ligg i hovudpakka, er det teikna inn ti postar som er usynlege i terrenget. Dette er eit forsøk som Sveio o-lag er spent på korleis blir mottatt og korleis det vil fungera i praksis.
Dei som vil jakta på dei ti usynlege postane, finn korkje postflagg eller postkodar ute i terrenget. Men dersom dei lastar ned tur-o-appen vil dei få eit varsel på mobiltelefonen når dei er på rett stad i terrenget.
Variert turopplegg
Men alle dei andre postane blir som vanleg godt synlege med raude og kvite postflagg på rett plass i terrenget. Tilbodet i år er svært rikhaldig: Du kan jakta tur-o-postar lengst nord i kommunen frå festninga på Tittelsnes og heilt fram til Røysanes, som er det nordlegaste punktet i Sveio kommune. Du finn også postar i det opne kystlandskapet lengst sørvest ved havet sør for Mølstrevåg.
Andre postar ligg i kystfuruskog i Eikelandsneset, i open lynghei nær Ryvarden eller i fjordidyll ved Drangsvågen nær Førde. Ein spennande tur rundt det idylliske Sandvatnet kan du starta frå Paddevegen nær Fjellstad.
For barn og nybegynnarar
Eiga pakke som eignar seg for dei yngste og for dei som vil prøva tur-orientering for første gang, inneheld fire kart fordelt på fire ulike terreng og med i alt 20 postar som du kan jakta på. Nytt i år er at fem slike postar langs litt enklare løyper er lagt ut i turterrenget nær Vikse skule. Lengst i nord vil du finna fem nærtrim-postar langs turstien frå Kleivo i retning Trollvassnibba.