nyhende

Turist i Sveio: Førde

Er du på jakt etter å oppleva noko nytt, men som ligg nært? Kva med å utforska ei anna bygd i kommunen enn den du kjem i frå? Me har teke turen rundtom, denne gong til Førde.

Publisert Sist oppdatert

Om ein kallar det «å vera turist i eiga bygd», «staycation» eller noko anna, kan vera det same.

Å vera heime i staden for å reisa vekk under ferien har vorte meir vanleg. I år planlegger faktisk 63 prosent av av dei som skal ta ferie å vera heile eller deler av sommarferien i Noreg ifølgje ei undersøking av NHO reiseliv.

Dei to mest populære fylka er Agder og Vestland, og heilt på den sørlege tuppen av sistnemnde ligg jo Sveio! Difor har me laga ein oversikt over kva du kan oppleva rundt om i kommunen.

Gratis tilbod

Felles for dei alle er at det i utgangspunktet er gratis, men krev bil eller båt som framkomstmiddel.

Førde er eit midtpunkt i kommunen, både geografisk og som eit viktig knutepunkt langs E39 for både innfødde og reisande. Kvart år kjem mange turistar her, og ikkje minst mange heimbygdingar.

Kva du finn i Førde

Blant dei faste attraksjonane er «Strando» og Rex Garden. Allereie i fjor byrja arbeidet på ein rekke nye aktivitetar i strandsona, til dømes:

  • Klatrestativ
  • Sandkasse forma som eit vikingskip
  • Karusell (universell utforma og tilpassa rullestol)
  • Pentanque (eit ballspel med små kuler)

Utanom dette er det frå før ei volleyballbane, park-areal med benkar kor ein kan eta, utandørs treningsapparat og ein kiosk som nokre gonger er open. Det er langgrunt fleire stadar, så bading med born kan gjerast trygt og enkelt.

Ved stranda er det også offentleg toalett, og lengre opp i bygda er det ein nærbutikk. For reisande med elbil har det også kome ein ladestasjon ved avkøyrsla frå E39, kor bilen din kan kopla seg på medan du koplar av i Førde.

Powered by Labrador CMS