nyhende

Turist i Sveio: Bua

Er du på jakt etter å oppleva noko nytt, men som ligg nært? Kva med å utforska ei anna bygd i kommunen enn den du kjem i frå? Me har teke turen rundtom, denne gong til Bua.

Publisert Sist oppdatert

Om ein kallar det «å vera turist i eiga bygd», «staycation» eller noko anna, kan vera det same. Å vera heime i staden for å reisa vekk under ferien har vorte meir vanleg. I år planlegger faktisk 63 prosent av av dei som skal ta ferie å vera heile eller deler av sommarferien i Noreg ifølgje ei undersøking av NHO reiseliv.

Gratis tilbod

Dei to mest populære fylka er Agder og Vestland, og heilt på den sørlege tuppen av sistnemnde ligg jo Sveio! Difor har me laga ein oversikt over kva du kan oppleva rundt om i kommunen.

Felles for dei alle er at det i utgangspunktet er gratis, men krev bil eller båt som framkomstmiddel.

Kva du finn på Bua

Bua er ei av bygdene langs vestkysten av Sveio og kan skilta med eit variert fritidstilbod for besøkjande. Ved sjølve hamna har det vore omfattande investering i aktivitetar for lokale og besøkjande.

  • Tennisbane
  • Kunstgrasbane for fotball
  • Padelbane
  • Bordtennisbane

Viss du likar tennis, padel, bordtennis eller fotball har dei banene rett ved sidan av kvarandre ved ferjekaia.

Og vert du varm og treng å kjøla deg ned etter all moroa, så er det ei lita badestrand nokre meter unna banene, elles så er Storavatnet berre nokre minutt unna.

Powered by Labrador CMS