nyhende
Turist i Sveio: Auklandshamn
Er du på jakt etter å oppleva noko nytt, men som ligg nært? Kva med å utforska ei anna bygd i kommunen enn den du kjem i frå? Me har teke turen rundtom, denne gong til Auklandshamn.
Om ein kallar det «å vera turist i eiga bygd», «staycation» eller noko anna, kan vera det same.
Å vera heime i staden for å reisa vekk under ferien har vorte meir vanleg. I år planlegger faktisk 63 prosent av av dei som skal ta ferie å vera heile eller deler av sommarferien i Noreg ifølgje ei undersøking av NHO reiseliv.
Gratis tilbod
Dei to mest populære fylka er Agder og Vestland, og heilt på den sørlege tuppen av sistnemnde ligg jo Sveio! Difor har me laga ein oversikt over kva du kan oppleva rundt om i kommunen.
Felles for dei alle er at det i utgangspunktet er gratis, men krev bil eller båt som framkomstmiddel.
Kva du finn i Auklandshamn
Auklandshamn kan ein koma seg til på fleire måtar, men enklast er å nytta motortransport. Det er ei bygd med mange mogelegheiter for bading både i sjø og vatn.
Sjølve sentrum av bygda er i nærleiken av skulen kor ein finn arena for fleire aktivitetar:
- Pump-track sykkelbane
- Fotballbane
- Tennisbane
- Utandørs treningsapparat
- Grillstove
- Leikeplass (skulen)
Køyrar ein litt vidare kan ein velja mellom to flotte badeplassar, Sletten og Langavatnet. Sletten ligg ein liten køyretur frå sentrum av bygda, og det må reknast med ein del gåing i kupert terreng før ein kjem fram. Men det er verdt det, for når ein kjem ut frå stien ventar eit lite paradis med hengebruer og flott badeområde.
Langavatnet er langs vegen mellom Auklandshamn og E39 og er ikkje til å unngå å sjå. Det er god parkering rett ved staden, med fleire bord, grill og til og med ei lita vannsklie for born. Nokre dagar er den lokale kiosken open.